Oversyn over norsk historie etter 1800 3505

Læringsutbytte

Emnet skal gje dette læringsutbyttet:

Kunnskap og forståing:

  • Godt oversyn over hovudtrekka i noregshistoria etter ca. 1800.
  • Brei kunnskap om viktige historiske hendingar i perioden, og bakgrunnen for dei.
  • Forståing av metodar som vert bruka innafor ulike felt av historiefaget.
  • Forståing for korleis historisk kunnskap blir bygt opp.

Dugleik:

  • Evne til å kritisere, kommentere eller redigere tekstar og dokument ut frå historiefagets allmenne reglar for kritikk.
  • Evne til kritisk å analysere historiske data, kjelder og litteratur, og til å trekkje sjølvstendige konklusjonar frå slikt materiale.
  • Evne til å organisere kompleks historisk informasjon på logisk konsekvent måte.
  • Ha kjennskap til informasjons- og søkjeverkty.

Kompetanse:

  • Formidle fagleg innhald både munnleg og skriftleg.
  • Kunne arbeide sjølvstendig med ei gjeven problemstilling.
  • Ha evne til å setje seg inn i nye problemområde og analysere emne frå fleire sider.
  • Ha medvit om og respekt for perspektiv som har ulike nasjonale og kulturelle opphav.
  • Ha kritisk medvit om relasjonane mellom fortida og samtidige hendingar og prosessar

Innhold

Tyngdepunkt i emnet er

  • 1814
  • Folkevekst og samfunnsendring
  • Forfatningskonflikt og parlamentarisme
  • Nasjonal integrasjon
  • Unionsoppløysinga
  • Noreg blir eit industriland
  • Konfliktar og kriser i mellomkrigstida
  • Noreg under andre verdskrigen
  • Noreg under den sosialdemokratiske orden etter 1945
  • Høgrebølgje og gjennomslag for liberalisme og marknadstenking

Emnet er forskingsbasert i og med at det til vanleg er aktive forskarar som underviser. Kjeldemateriale frå faglæraranes forsking vil kunne verte bruka som eksempler i forelesingar eller i øvingsoppgåver.

Emnet er ein del av årsstudiet i historie (sjå eigen plan for dette). Det er rekna å bli teke saman med emna 3504 og 3506, kvart på 10 studiepoeng. Desse tre emna er meint å kome i andre semesteret i årsstudiet (vårsemester, etter å ha teke 30 studiepoeng i verdshistorie), men det er òg mogeleg å byrje årsstudiet med dei.

Arbeids- og læringsformer

Undervisninga blir vesentleg gjeve i form av forelesingar, men seminar kan også verte bruka. Studentane vil da til dømes arbeide med oppgåver i timen eller leggje fram oppgåver som er gjort heime. Gjennom undervisninga vil tyngdepunkta i emnet verte gjennomgått og forklara med sikte på, i kombinasjon med studentanes sjølvstendige lesing av pensum, å nå læringsutbyttet omtala over. Totalt undervisningsomfang pr. veke vil normalt liggje på ca. fire timar. Undervisninga er ikkje obligatorisk. Faggruppa rår likevel til at undervisninga blir følgt regelmessig.

Ved sida av undervisninga vil studentane ha stor nytte av å samtale om pensum og studieproblem i kollokvier, og lærestaden vil leggje til rette for at slike grupper vert organisert.

Vurderingsformer

Vurderinga består av ein skriftlig obligatorisk oppgåve undervegs i kurset og ein skriftleg sluttprøve på 4 timar. Skriftlege eksamenar, der drøftande essay-oppgåver normalt vil vere ein viktig del, er valt for å prøve både studentanes kunnskapar om og forståing av den historiske utviklinga, og deira evne til analytisk og kritisk tenking, jf. punkta om læringsutbytte over.

Den obligatoriske oppgåva får karakteren Bestått eller Ikkje bestått. Sluttprøva får karakter etter ein bokstavskala på fem trinn fra A til E for bestått og F for ikke bestått. Ved bestått obligatorisk oppgåve er det karakteren på sluttprøva som verdt gjeldande karakter i emnet.

Det kan verte mindre justeringer i planen.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Nils Ivar Agøy <nils.i.agoySPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Eline Flesjø - 02.07.2012