Sounds and Structures of the English Language 2006
Læringsutbytte
Ved avslutta emne skal studenten ha kjennskap til grunnleggande terminologi innan grammatikk og fonetikk, og kunne nytte terminologien på faktiske språklege døme. Den teoretiske kunnskapen skal kunne nyttast slik at studenten sin eigen engelsk blir korrekt og idiomatisk både munnleg og skriftleg. Ein skal vidare kjenne til dei vanlegaste uttalevanskane og grammatiske feil hjå norske elevar, saman med hovudforskjellane mellom engelsk og norsk grammatikk. Studenten skal kunne gjere greie for hovudmønstra i engelsk intonasjon. Studenten skal óg kunne gjere greie for korleis det engelske språket har utvikla seg historisk, og ha kjennskap til variantar av engelsk rundt omkring i verda. Læringsutbyttet bygger på læringsutbyttet for 2005 Introduction to English Language.
Innhold
2006 Sounds and Structures of the English Language gjev ei vidare innføring i lydsystem, intonasjon og grammatikk, der ein går grundigare inn i dei einskilde tema. Det vil også her bli lagt vekt på formidlingsaspektet.
Arbeids- og læringsformer
Emnet har fire undervisningstimar i veka, fordelt på førelesinger og seminar. Dei enkelte emneområda vert gjennomgått og forklart på førelesingane. I seminarundervisninga får studentane høve til å arbeide med einskilde tema gjennom oppgåveløysing og diskusjon. Det vert lagt vekt på aktiv studentdeltaking i seminara.
Vurderingsformer
Undervegsvurderinga i emnet vil omfatte prøver og/eller innleveringar som tel til saman 40% av den endelege karakteren. Avsluttande munnleg eller skriftleg eksamen tel 60%. Både undervegs- og sluttprøver må vere beståtte for å få bestått karakter i emnet. Det vert gjeve karakterar på en skala frå A til F, der E er dårlegaste beståttkarakter og F er stryk.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Peter Fjågesund <peter.fjagesundSPAMFILTER@hit.no>,Øystein Heggelund <oystein.heggelundSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Eline Flesjø - 10.02.2012