Spesialiseringsemne i verdshistorie 3513

Læringsutbytte

Læringsutbytte

Kunnskap og forståelse:

* Inngåande kunnskap om enkelttrekk relevant for temaet: t.d. personar, samfunnsgrupper, institusjonar, økonomiske, kulturelle og ideologiske tilhøve, og hendingar knytt til desse.

* Kunnskapar om samanhengar og utviklingstrekk i tidsromet tema dekkjer.

* Kunnskap om metodar brukt i analyser av tema.

* Lære korleis historisk kunnskap er bygt opp.

Ferdigheter:

* Evne til å kritisere, kommentere eller redigere tekstar og dokument i tråd med historiefagets allmenne reglar for kritikk.

* Evne til å kommunisere munnleg om faget ved hjelp av aksepterte terminologiar og teknikkar i faget.

* Evne til kritisk å analysere historiske data, kjelder og litteratur, og til å dra sjølvstendige konklusjonar frå slikt materiale.

* Evne til å organisere kompleks historisk informasjon på logisk konsekvent måte.

* Ha kjennskap til informasjons- og søkeverktøy.

Kompetanse:

* Formidle fagleg innhald både munnleg og skriftleg.

* Kunne arbeide sjølvstendig med ei oppgjeven problemstilling.

* Ha evne til å analysere emne frå fleire sider.

* Ha medvit om og respekt for perspektiv som har ulike nasjonale, kulturelle og historiske opphav.

* Ha kritisk medvit om relasjonane mellom fortida og samtidige hendingar og prosessar.

Innhold

Emnet er forskingsbasert i og med at undervisningspersonalet normalt er sett saman av aktive forskarar. Kjeldemateriale frå forskinga til faglærarane vil kunne bli brukt som døme i forelesingar eller i øvingsoppgåver.

Emnet kan veksle mellom ulike enkelttema, til dømes:

* Samfunn og politikk i antikkens Roma

* Romersk imperialisme

* Slavehandel og slavar.

* Kyrkje og helgenkult i europeisk middelalder

* Utbrotet av første verdskrig

* Sovjetunionen 1917 – 1991.

* Utbrotet av den kalde krigen

Arbeids- og læringsformer

Undervisninga blir gjeven i form av seminar, unntaksvis forelesing. Totalt undervisningsomfang pr. veke vil normalt ligge på ca. 5–6 timar.

Undervisninga er obligatorisk.

Privatistar kan få avtale om å sleppe obligatorisk oppmøte mot å innlevere fleire oppgåver.

Vurderingsformer

Vurderinga består av ein skriftlig obligatorisk oppgåve undervegs i kurset og ein skriftleg sluttprøve på 3 timar innanfor kvart av dei to hovudtema emnet er sett saman av. Skriftlege eksamenar, der drøftande essay-oppgåver normalt vil vere ein viktig del, er valt for å prøve både studentanes kunnskapar om og forståing av den historiske utviklinga, og deira evne til analytisk og kritisk tenking, jf. punkta om læringsutbytte over.

Den obligatoriske oppgåva får karakteren Bestått eller Ikkje bestått. Sluttprøva får karakter etter ein bokstavskala på fem trinn fra A til E for bestått og F for ikke bestått. Ved bestått obligatorisk oppgåve er det karakteren på sluttprøva som verdt gjeldande karakter i emnet

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Eline Flesjø <eline.flesjoSPAMFILTER@hit.no>,Nils Ivar Agøy <nils.i.agoySPAMFILTER@hit.no> - 02.07.2012