Praktisk spansk II 2304

Innhold

Kurset krev aktiv deltaking frå alle studentane, både i debattar i timane, individuelt og i gruppearbeid. Gjennom aktuelle tema og med bruk av multimedia skal studentane oppnå nødvendige ferdigheiter i språket. Studenten skal vere i stad til å delta i enkle diskusjonar om enkle emne. Oversetting av tekst og oppgåver om morfologi og syntaks vil bli brukt for å forsterke læringskvalitet. Studenten skal få forståing av spansk språk og kulturelle forskjellar mellom Norge og spansktalande land og forskjellar spansktalande land imellom. Studenten skal ha forståing av ein formell og uformell samtale i det spanske språket. Studenten skal ha dei nødvendige kunnskapane om spansktalande land sine kulturar og kommunikasjonsnormer, både skrivne og uskrivne, slik at han/ho kan få mest mogleg utbytte av dialogar på spansk.

Arbeids- og læringsformer

Førelesingar i språk, med tilknytte øvingar i grammatikk og norsk-spansk og spansk-norsk omsetjing. Studentane må rekne med stor eigeninnsats og aktiv deltaking i undervisninga. Vurderingar av nivå og progresjon vil bli gjort med jamne mellomrom. Undervisninga går føre seg på spansk.

Vurderingsformer

Eksamenen er todelt:

1. Ei hjemmeeksamen som tel 60 % av samla karakter.

2. Ei munnleg prøve på opp til 30 minutt som tel 50 % av samla karakter.

Det krevst greidd resultat i begge eksamenane for å oppnå greidd resultat i heile emnet. Det vil bli gjeve graderte karakterar frå A til F, der E er lågaste greidd resultat.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Mario Ramírez-Orozco <Mario.Ramirez-OrozcoSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Eline Flesjø - 27.06.2012