Barndom og modernitet 2587

Innhold

Tyngdepunkta i emnet er

  • Ulike perspektiv og teoriar som gir svar på spørsmåla Kva er eit barn? Kva er barndom?
  • Barndomshistoriske endringar innan familie, skule og arbeid dei siste par hundreåra i den vestlege kulturen
  • Disiplinering, sosialisering og læring av barn i eit samfunnsvitskapleg og historisk perspektiv
  • Bilde av barn og barndom i idéhistoria og kunsten, særleg i diktinga, bildekunsten, media og samtidskulturen for øvrig
  • Korleis barn, barndom og identitet konstrueras og korleis barn sjølve er aktive deltakarar i natur og friluftsliv og på ulike idrettsarenaer

Arbeids- og læringsformer

Undervisningsforma i fordjupingsemnet er seminar, med 3 timar pr veke. Seminarforma føreset aktiv deltaking frå studentane i form av førebudde innlegg og deltaking i diskusjonen. Undervisninga er ikkje obligatorisk, men faglærar råder studentene til å følgje seminaret, Undervisninga går i vårsemesteret.

Vurderingsformer

Sluttvurdering av fordjupingsemnet skjer ved prøveforelesing på 40 - 45 minutt eller ved munnleg eksamen. Kandidatane bestemmer sjølve om dei vil prøveforelese eller ha munnleg eksamen, men dei skal prøveforelese i det eine fordjupingsemnet og ha munnleg eksamen i det andre. Oppgåva til prøveforelesinga blir oppgitt av instituttet. Kandidatane melder frå ved oppmeldinga til det einskilde emnet kva for evalueringsform dei ønskjer.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Ellen Schrumpf <Ellen.SchrumpfSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Eline Flesjø - 19.03.2012