Tale, skrift, bilde og lyd 2588

Innhold

I dette emnet vil ein studere medieutviklinga, særtrekk av ulike kategoriar ved dei ulike media, særleg kva for uttrykksformer som er felles og spesielle ved dei ulike media, og korleis medieutviklinga påverkar menneskebilde, medvit og kulturformer. Tematikken blir studert både diakront og synkront, med retorikken og kritisk teori som samlande referanse.
Følgjande delemne er aktuelle:

  • Tale, skrift og bilde - mediehistorie
  • Karakteristika ved ulike medium - med vekt på deira ulike uttrykksmiddel og funksjonar
  • Samanhengen mellom medium og medvit - individualisme og kollektive
    kulturmønster
  • Mediekritikk - med utgangspunkt i den retoriske og humanistiske
    tradisjonen

Arbeids- og læringsformer

Undervisningsforma i eit fordjupingsemne er seminar, med 3-6 timar pr veke. Undervisninga går i vårsemesteret.

Vurderingsformer

Sluttvurdering av fordjupingsemnet skjer ved prøveforelesing på 40 - 45 minutt eller ved munnleg eksamen. Kandidatane bestemmer sjølve om dei vil prøveforelese eller ha munnleg eksamen, men dei skal prøveforelese i det eine fordjupingsemnet og ha munnleg eksamen i det andre. Oppgåva til prøveforelesinga blir oppgitt av instituttet. Kandidatane melder frå ved oppmeldinga til det einskilde emnet kva for evalueringsform dei ønskjer.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Eline Flesjø <Eline.FlesjoSPAMFILTER@hit.no> - 19.03.2012