Kulturleiing 2590

Innhold

I dette emnet vil ein studere ulike teoriar og modellar for leiing av kulturinstitusjonar ut i frå eit historisk og dagsaktuelt perspektiv. Ein vil ta opp samfunnsvitskapleg og kulturanalytisk teori om organisasjon og leiing - og drøfte relevansen av slike teoriar for verksemder i kultursektoren. Ein vil òg studere i kva grad det er motsetnad eller samanfall mellom kunstnarlege og økonomisk-administrative logikkar og diskursar. Ein vil knytte drøftingane til ulike typar kulturverksemder - både små temporære prosjekt og store permanente institusjonar. Følgjande delemne er aktuelle:

  • Allmenne teoriar om organisasjon og leiing av kulturverksemder
  • Teoriar om kunstnarlege, administrative og økonomiske ideologiar og diskursar
  • Marknadsføring av kulturverksemder
  • Økonomistyring og personalleiing
  • Tilhøvet mellom kulturverksemdene, styresmaktene og marknaden

Arbeids- og læringsformer

Undervisningsforma i eit fordjupingsemne er seminar, med 3-6 timar pr veke. Undervisninga går i vårsemesteret.

Vurderingsformer

Sluttvurdering av fordjupingsemnet skjer ved prøveforelesing på 40 - 45 minutt eller ved munnleg eksamen. Kandidatane bestemmer sjølve om dei vil prøveforelese eller ha munnleg eksamen, men dei skal prøveforelese i det eine fordjupingsemnet og ha munnleg eksamen i det andre. Oppgåva til prøveforelesinga blir oppgitt av instituttet. Kandidatane melder frå ved oppmeldinga til det einskilde emnet kva for evalueringsform dei ønskjer.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Kristin Midtbø <Kristin.MidtboSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Eline Flesjø - 19.03.2012