Kulturhistorisk analyse 2593

Innhold

Ei faghistorisk hovudline i fordjupingsemnet vil vere å sjå på og identifisere kulturhistorie i ein allmenn historiografisk samanheng med vekt på trekk frå 1800-talet (historismen, det tyske historiske skole) og fram til den nye kulturhistoria på 1990-talet. Emnet vil legge vekt på dei historiske retningane som har gjort seg særleg gjeldande i kulturhistoriske studiar, så som mentalitets- og mikrohistorie, nyhistorisme og ‘kvardagshistorie’ (Alltagsgeschichte). Det blir lagt vekt på korleis den kulturelle vendinga verkar inn på teori- og metodegrunnlag i kulturstudiar, og, i samband med det, debatten om kva for erkjenningsmessige nyvinningar som kom ut av denne vendinga. Emnet vil også ta opp kva for typar kjeldemateriale det er aktuelt å arbeide med, frå skriftlege og munnlege kjelder til bilde og kunstuttrykk av forskjellig slag. Det blir også opna for å kombinere diakrone og synkrone analysar, bl.a. ved at aktuelle kulturelle kompleks, f.eks. migrasjon og etnisitet, blir forstått i eit historisk perspektiv. Ein vil også sjå kulturhistoria i samanheng med grunnleggande ide- og mentalitetshistoriske retningar så som opplysningstradisjonen og romantikken.

Den meir teoretisk delen av emnet vil bli supplert med ein del som er retta mot enkelttema som er analysert kulturhistorisk. Ei rekke tema er aktuelle å analysere kulturhistorisk, f.eks. kulturarv og tradisjonar, nasjonsbygging og nasjonalisme, kulturell og nasjonal identitet, migrasjon og kulturelle endringar, folkekultur og karneval, mentalitetar og emosjonalitet, dannings- og medvitsutvikling, Norge, Norden og Europa, Vesten og ‘Resten’ før og nå, globalisering og multikulturalisme i eit historisk perspektiv.

Arbeids- og læringsformer

Undervisningsforma i fordjupingsemnet er seminaraktig, med blanding av forelesingar og seminar, med 3-4 timar pr veke i eitt semester.

Vurderingsformer

Sluttvurdering av fordjupingsemnet skjer ved prøveforelesing på 40 - 45 minutt eller ved munnleg eksamen. Kandidatane bestemmer sjølve om dei vil prøveforelese eller ha munnleg eksamen, men dei skal prøveforelese i det eine fordjupingsemnet og ha munnleg eksamen i det andre. Oppgåva til prøveforelesinga blir oppgitt av instituttet. Kandidatane melder frå ved oppmeldinga til det einskilde emnet kva for evalueringsform dei ønskjer.

Alternativt kan emnet bli avslutta med ei skriftleg heimeoppgåve med 10 dagars innleveringsfrist på maks 15 sider (1,5 lineavstand) + litteraturliste og ev. vedlegg.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Eline Flesjø <Eline.FlesjoSPAMFILTER@hit.no> - 19.03.2012