Practical English 2010

Læringsutbytte

Ved avslutta emne skal studenten kunne bruke engelsk på ein korrekt og idiomatisk måte, både skriftleg og munnleg. Studenten skal vere i stand til å reflektere over samanhengen mellom språklege uttrykksformer og språkleg innhald, inkludert korleis konkrete grammatiske konstruksjonar påverkar bodskapen ein sender ut. Munnleg skal studenten ha god flyt og uttale for å uttrykke seg nøyaktig.

Innhold

Kurset tek for seg ulike aspekt ved engelsk språkbruk. Den skriftlege komponenten vil fokusere på mellom anna stilnivå, vokabular of tekstflyt. Den munnlege komponenten vil dekke problematiske aspekt av studentane si uttale, i tillegg til debatt- og presentasjonsferdigheter.

Arbeids- og læringsformer

Emnet har to undervisningstimar i veka. Det vert lagt opp til aktiv studentdeltaking og trening av praktiske dugleikar, både gjennom tekstanalyse, redigeringsøvingar og munnlege presentasjonar.

Vurderingsformer

Undervegsvurderinga i emnet vil omfatte to obligatoriske innleveringar, og en munnlege eksamen som tel 40% av den endelege karakteren. Avsluttande skriftleg eksamen tel 60%. Både undervegs- og sluttprøve må vere bestått for å få bestått karakter i emnet. Det vert gjeve karakter på ein skala frå A til F, der E er dårlegaste beståttkarakter.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Peter Fjågesund <peter.fjagesundSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Eline Flesjø - 10.02.2012