British Literature and Culture 1600–1980 2007
Læringsutbytte
Studenten skal utvikle evna til å sjå kor viktig kultur- og litteraturhistoria har vore for det moderne Storbritannia og for dei landa som har teke del i den britiske tradisjonen. Studenten skal også styrke evna til å reflektere kritisk, i munnleg og skriftlig form, kring temaet for emnet. Endeleg skal studenten ha grunnleggjende kjennskap til sentrale forfattarar og forfattarskap, saman med kulturelle og idéhistoriske utviklingsliner frå emneperioden, og slik vere i stand til å orientere seg i og vidareutvikle sin eigen kunnskap innan feltet.
Innhold
Storbritannia utvikla frå renessansen og frametter ein rik og omfattande litterær tradisjon, som var viktig langt utover landet sine grenser, samtidig som landet gjekk gjennom store politiske og kulturelle omveltingar. Emnet si hovudstamme er eit utval av primærtekstar innan skjønnlitteratur og sakprosa frå denne perioden på nærmare 400 år. Tekstane vil bli sette inn i historisk samanheng gjennom litteratur- og kulturhistoriske periodeoversikter, men vil også bli diskuterte som frittståande verk. Hovuddelen av tekstane vil bli henta frå det 19. og det 20. århundre.
Arbeids- og læringsformer
Undervisninga vert organisert som førelesingar og seminar med til saman fire timer per veke. Førelesingane vil gje bakgrunn for dei emneområda som vert tekne opp, men vil og nyttast til å gjennomgå pensumlitteratur. Seminarene vert nytta til gjennomgang og diskusjon av pensumtekstar, og legg stor vekt på aktiv deltaking frå studentane, særleg med tanke på å fremje den munnlege kompetansen i faget.
Høgskolen i Telemark samarbeider med andre høgskolar og universitet om Det norske studiesenteret i York. Studentane vil få eit obligatorisk opphald i England på to veker. Dette går inn som ein del av opplæringa i praktisk språk, og av studiet innan britisk litteratur og samfunnstilhøve. Studentar som ikkje har høve til å reise, kan søkje om fritak frå deltaking, men vil i staden få ei to-vekers prosjektoppgåve. Oppgåva må vere godkjend for å få ståkarakter i emnet.
Lånekassa kan på visse vilkår gje tilleggslån som dekkjer ein del av utgiftene ved opphaldet. Samla faste utgifter (reise, opphald, kursavgift) vil truleg bli om lag kr. 6.000.
Vurderingsformer
Undervegsvurdering i emnet vil omfatte skriftleg eller munnleg prøve og/eller innleveringar som tel til sammen 40% av den endelege karakteren. Avsluttande skriftleg eller munnleg eksamen tel 60%. Både undervegs- og sluttprøver må vere beståtte for å få bestått karakter i emnet. Ved begge eksamenar vert det gjeve karakterar på ein skala frå A til F, der E er dårlegaste beståttkarakter og F er stryk.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Peter Fjågesund <peter.fjagesundSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Øystein Heggelund - 07.02.2012