English through the Ages 2029
Læringsutbytte
Emnet gjev kunnskap om lingvistiske hovudtrekk ved ulike periodar i historia til det engelske språket. Studenten skal vere i stand til å gjere greie for tilhøvet mellom språkleg utvikling og den historiske og politiske situasjonen på ulike stadier. Studenten skal og ha kunnskap om spreiinga av engelsk til andre delar av verda, og oppnå ei forståing av kvifor engelsk i dag er eit verdsspråk. I arbeidet med originaltekstar vert studentane kjende med språket i dei forskjellige periodane, og kan gjere greie for grunnleggande lingvistiske kjenneteikn i konkrete tekstar.
Gjennom å fokusere på språkutviklinga i engelsk søker emnet også å seie noko om språkendring generelt. Når og korleis endrar språk seg? Kva for faktorar spelar inn? Er språkendringar forutseielege?
Innhold
Det engelske språket har gjennomgått radikale endringar gjennom historia, fra år 700 e.Kr. til i dag. Emnet fokuserer på hovudtrekka ved periodane gamalengelsk, middelengelsk, tidlegmoderne engelsk og moderne engelsk, innan grammatikk, fonologi og vokabular. Språkendringane vert sett i relasjon til politiske, historiske og sosiale tilhøve, inkludert språkkontakt. Både utviklinga mot eit standardspråk og utviklinga av engelsk som eit verdsspråk står sentralt.
Arbeids- og læringsformer
Førelesingar og seminar inntil 3 timar i veka. Det vert lagt opp til diskusjonar, oppgåveløysing og aktiv studentdeltaking.
Vurderingsformer
Undervegsvurdering tel 40% av samla karakter. Skriftleg sluttprøve tel 60%. Både undervegsvurdering og sluttprøve må vere beståtte for å få karakter i emnet.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Øystein Heggelund <oystein.heggelundSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Eline Flesjø - 04.07.2012