Anvendt mikrobiologi 4307
Læringsutbytte
Studenten skal etter fullført emne
- kunne gjere reie for ei rekkje sentrale omgrep innan mikrobiologi
- ha inngåande kunnskapar om indikatorbakteriar og cyanobakteriar
- ha grundig kjennskap til drikkevassforskrifta
- dei skal kunne analysere på indikatorbakteriar og cyanobakteriar
- kunne ulike teknikkar for påvising av toksinproduksjon hos cyanobakteriar
- dei skal kunne planleggje og gjennomføre mikrobiologiske vassanalysar
- kunne skriftleg kommunisere faglege problemstillingar og løysingar med tanke på vassanalysar
- ha kjennskap til styrkar og svakheitar ved dei metodane som blir nytta på laboratoriet
Innhold
Sentrale tema er:
· drikkevassforskrifta
· indikatorbakteriar for vasskvalitet
· cyanobakteriar
· dyrking av bakteriar
· påvising av toksin frå cyanobakteriar
· påvising av cyanobakteriar basert på DNA teknikkar
· mikrobiologiske vassanalysar
vasskvalitet og vassproblematikk
Arbeids- og læringsformer
Det blir halde forelesingar som tek for seg dei mest grunnleggjande tema. Det vil vere fokus på lab. arbeide slik at studentane sjølve får testa ut dei ulike teknikkane. Det vil også vere fordjupande sjølvstudium innan eit valt tema.
Vurderingsformer
Lab. arbeide og sjølvstudium blir evaluert i form av rapportar som må vere bestått for å få godkjent emnekarakter. Det vil vere individuell skriftleg sluttprøve (5 timar) som tel 100%.
Det blir teke atterhald om mindre justeringar i planen.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Mona Sæbø <mona.saboSPAMFILTER@hit.no> - 30.01.2012