Conservation Biology 4505

Læringsutbytte

Etter fullført emne skal studenten ha følgende læringsutbytte i form av kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

  • Ha kjennskap til viktige og sentrale omgrep innan bevaringsbiologi
  • Kunne gjere greie for og forstå korleis menneskelig aktivitet påverkar populasjonar og arter negativt
  • Kunne bruke denne kunnskapen for å redusere vidare tap av biologisk diversitet
  • Vere i stand til å forvalte små, fragmenterte og isolerte bestander på ein best mogleg måte
  • Kunne kjøre ein enkel levedyktighetsanalyse (PVA) for å kunne forutsi utviklinga til trua populasjonar

Innhold

Sentrale tema:

  • Bevaringsbiologi: definisjon, formål og fremtidige målsettingar
  • Biologisk diversitet (biodiversitet): definisjon, global utbreiing og målemetodar
  • Verdsetting av biologisk diversitet: direkte og indirekte økonomiske verdiar, etiske verdiar
  • Trugslar mot biologisk diversitet: habitat fragmentering, invaderande arter, overbeskatting, klimaforandringar, osv.
  • Bevaring av arter og populasjonar: genetisk variasjon, demografisk variasjon, miljøvariasjon, katastrofar
  • Anvendt bevaringsbiologi: utforming og etablering av verneområder, restaureringsøkologi
  • IUCN og NATURA 2000: definisjon, formål og innhold
  • Levedyktighetsanalyse (PVA): praktisk øving i PVA modellering

Arbeids- og læringsformer

Undervisninga vil bli gitt i form av forelesingar. Det vil også være et obligatorisk feltkurs (5 dagar) på slutten av semesteret. Forventa kostnad for feltkurset er NOK 400-500. Utvekslingsstudentane vil få ein reduksjon i kostnadene.

Vurderingsformer

Det blir gitt karakterar A - F på ein sluttprøve (skriftleg, 4 timer) som teller 100 % av endeleg eksamenskarakter. Oppmøte på alle dagane av det obligatoriske feltkurset er ei betinging for å få sluttkarakter i emnet.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Øyvind Steifetten <oyvind.steifettenSPAMFILTER@hit.no> - 14.11.2011