Friluftsliv, jakt og fiske 4008

Læringsutbytte

Etter fullført emne skal studentane ha følgjande læringsutbytte i form av kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

  • Studentane skal få ei innføring i jakt og fiske som ein viktig del av friluftslivsomgrepet
  • Bli kjent med friluftslivet si historie og samanhengen med tradisjonell jakt og fiske
  • Få innsikt og sjå samspelet mellom utøving av friluftsliv, jakt og fiske og moglege og aktuelle verknader på dei økologiske tilhøva i naturen
  • Bli kjent med korleis jakt og fiske blir organisert i Noreg, dens økonomisk verdi, og dei nasjonale og internasjonale lova av størst betydning for jakt og fiske som friluftslivsaktivitet
  • Få innsikt i dei etiske og dyrevernsmessige sider ved jakt og fiske
  • Det blir lagt vekt på ei praktisk innføring i viktige sider ved jakt og fiske som grunnlag for ei tilnærming til meir teoretisk forståing av korleis friluftsliv er betinga av og kan påverke naturen
  • Kunne rådgive potensielle arbeidsgivarar om vikigheiten av jakt og fiske som friluftslivsaktivitet i Noreg
  • Kunne implementere kunnskapen om jakt og fiske i tverrfaglege samanhengar
  • Kunne veilede om praktiske tiltak til forbedring av jakt og fiske som friluftslivsaktivitet
  • Kunne sette jakt og fiske som friluftslivsaktivitet på dagsorden og bidra med faglege innspel i tverfaglege diskusjoner
  • Bidra ved planlegging og gjennomføring av friluftslivsprosjekter og -tiltak som omfattar forståing og forvaltning av jakt og fiske

Innhold

Sentrale tema:
· Friluftslivshistorie: friluftslivet si utvikling i Norge med røter i tradisjonell utøving av jakt og fiske for naturalhushaldning, friluftslivsomgrepet i dag.
· Jakt: Historisk utvikling av jakt i Norge, naturleg produksjon, jaktutøving, målsetting og organisering av viltforvaltning, etiske sider ved jakt og fangst, innverknad av jakt på viltbestandar, jakta si framtid som friluftslivsaktivitet.
· Fiske: Fiskbare artar, produksjon, artskunnskap, utbreiing, kultivering, sportsfiske som friluftsliv.
· Jakt- og fiskeforvaltning: Lovgrunnlag, norsk eigedoms- og forvaltningsstruktur.
· Økologiske verknader: Uttak ved jakt og fiske, enkel populasjonsdynamikk, sårbar natur og verknader av ferdsel og forstyrring.

Arbeids- og læringsformer

50 timar forelesing.
Obligatorisk: Fem dagar med feltekskursjonar. Ein godtek inntil 20% gyldig fråver.

Vurderingsformer

Det blir gitt karakterar på ei skriftleg sluttprøve (3 timar). Ekskusjonar må være godkjente for å få godkjent vurdering i emnet.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Howard Parker <Howard.ParkerSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Everett Howard Parker - 23.01.2012