Generell kjemi 4101

Læringsutbytte

Etter fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbytte i form av kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse. Dei skal

  • kunne gjere greie for bygginga og elektronstrukturen til atoma og korleis dei fysiske og kjemiske eigenskapane til grunnstoffa blir endra etter plasseringa i det periodiske systemet
  • kunne utføre utrekningar ved hjelp av reaksjonslikningar
  • kunne gjere greie for dei forskjellige typar kjemiske bindingar som kan oppstå mellom atom og molekyl
  • kjenne til den romlege bygginga av enkle molekyl
  • kunne gjere greie for og bruke gasslovane
  • kunne gjere greie for omgrepet kjemisk likevekt og korleis ei likevekt kan bli påverka
  • kjenne til dei fire typane av kjemiske reaksjonar: Redoks, syre-base, fellingar og kompleksdanning
  • kunne utføre ulike pH-utrekningar
  • kunne gjere greie for energiforhold i kjemiske reaksjonar
  • kjenne til korleis forskjeller i elektronegativiteten til atoma kan bli bruka til å lage elektrokjemiske celler og kunne rekne ut potensialet til slike celler
  • kunne gjere greie for korleis ein kan bestemme produkta i ein elektrolyse både kvalitativt og kvantitativt
  • kjenne til eigenskapane til faste stoff og væsker, og kva som bestemmer desse eigenskapane
  • kjenne til eigenskapar ved vassløysningar
  • kjenne omgrepet reaksjonsfart og kva som påverkar denne
  • kunne utføre enkle kjemiske analysar på laboratoriet

Innhold

  • Støkiometri, gassar og kjemiske likevekter
  • Atomstruktur, kjemiske bindingar og intermolekylære krefter
  • Lewis-notasjon og VSEPR-teori
  • Syrer og baser, bufferar, titrering og løysingsevne
  • Termokjemi
  • Elektrokjemi
  • Fasediagram, løysningar og kolligative eigenskapar
  • Reaksjonsfart
  • Laboratoriekurset inneheld øvingar av generell kjemisk karakter og analysar av stoff frå naturen og dagleglivet

Arbeids- og læringsformer

Undervisninga blir gitt i form av forelesingar, kollokvium, rekneøvingar og laboratoriearbeid. I kollokvia samarbeider studentane gruppevis om oppgåveløysingar.

I rekneøvingane får studentane hjelp til rekneoppgåver.

På laboratoriet får studentane prøvd ut teorien frå forelesingane i praksis.

.

Utgifter til laboratoriefrakk: Ca. 400 kroner.

Vurderingsformer

I generell kjemi skal studentane levere lab. rapportar som skal vere godkjende før ein går opp til eksamen.

Eksamen består av ei individuell skriftleg midtprøve på 4 timar og sluttprøve på 4 timar, som tel 50 % kvar. Begge eksamenane må vere bestått. Det blir gitt karakterar frå A til F.

Laboratorieøvingane og kollokvia er obligatoriske for studentane.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Bjørn Steen <bjorn.steenSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Bjørn Gunnar Steen - 25.05.2012