Hydrologi og grunnvann 4216

Læringsutbytte

Etter fullført emne skal studentane ha følgjande læringsutbytte i form av kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

  • Kunne greie ut om vatnets mest sentrale fysiske eigenskapar, vatnets krinslaup og
    nedbørfeltet som naturleg eining for heilheitleg vassforvaltning
  • Kunne greie ut om vassbalanse og storleikar som går inn i vassbalanselikninga
  • Kjenne til viktige utfordringar i urban hydrologi
  • Kunne greie ut om og utføre sentrale hydrologiske målemetodar
  • Skal ha kunnskap om akviferar i fjell og lausavsetningar
  • Skal kunne Darcy’s lov om strøyming av vatn i porøse media
  • Skal kunne berekne grunnvassavrenning og grunnvatnets strøymingshastigheit
  • Ha kunnskap om markvatn
  • Skal vite om varmereservoaret i ein akvifer
  • Skal kunne være operativ som hydrogeolog i et felt ved å kjenne til angrepsmåte på eit prosjekt, kunne utfør feltundersøkingar og skrive rapport med berekningar
  • Kunne greie ut om prosessar som betyr noko for grunnvatnets naturlege kvalitet
  • Kjenne til sentrale kjelder til forureining, korleis grunnvasskvaliteten blir redusert ved forureining og korleis forureinande verksemd bør handterast for å unngå ei slik øydelegging av grunnvatnet

Innhold

  • Vatnets fysiske eigenskapar og vatnets krinslaup
  • Nedbørfelt, vassbalanse og vassbalanselikning
  • Urban hydrologi
  • Hydrologiske prosessar og verktøy
  • Grunnvatn i fjell og lausavsetningar
  • Samspelet mellom markvatn, grunnvatn og overflatevatn
  • Grunnvatnet som drikkevassressurs og som energikjelde
  • Strøyming av grunnvatn
  • Innføring i matematisk modellering av grunnvasstrøyming
  • Forvaltning av grunnvassressursar
  • Hydrogeologiske felt- og berekningsmetodar
  • Grunnvatnets naturlege kvalitet
  • Forureining av grunnvatn - kjelder og handtering
  • Feltkurs i hydrogeologi

Arbeids- og læringsformer

Undervisninga vekslar mellom forelesingar, øvingar og gruppearbeid over 46 timar. Feltkurs i 5 dagar og ei utferd.

Reiseutgifter ved utferd og feltkurs er ca. kr. 250 pr. student.

Vurderingsformer

Det er ein individuell, skrifteleg sluttprøve over 4 timar som tel 100%. Godkjend feltkursrapport.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Harald Klempe <Harald.KlempeSPAMFILTER@hit.no>,Live Semb Vestgarden <Live.S.VestgardemSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Anette Norheim Fredly - 12.01.2012