Mikrobiologi 4255
Læringsutbytte
Etter fullført emne skal studenten ha følgende læringsutbytte i form av kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
- kunne gjere reie for ei rekkje sentrale omgrep innan mikrobiologi
- ha grunnleggjande kunnskapar om dei mest sentrale patogene bakteriane som finst i næringsmiddelsamanheng og dei symptoma dei kan vere årsak til
- kjenne til internkontroll med tanke på næringsmiddel (HACCAP)
- ha grundig kjennskap til drikkevassforskrifta
- kunne utføre enkle mikrobiologiske vassanalysar og teste næringsmiddel for ulike stoff og kunne utføre hygienetestar
- kunne formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysningar både skriftlig og munnleg
Innhold
Sentrale tema er:
- mikroorganismane
- helseproblem knytt til ulike mikroorganismar som forureining
- immunologi
- ulike førebyggjande smitteverntiltak
- hygieniske forhold om drikkevatn
- mikrobiologiske laboratorieøvingar av matvarer og vatn
- meldesystem for smittsame sjukdommar
- internkontroll (HACCAP)
Arbeids- og læringsformer
Dei mest sentrale omgrepa vil bli gjennomgått i forelesingar. Studentane skal ha ei obligatorisk framføring der dei vel ein patogen bakterie frå pensum. Det er også eit obligatorisk lab. kurs ( 4 dager) der testing av vasskvalitet, antibiotika i næringsmidlet og hygiene er sentralt. I lab. kurset er det ein obligatorisk rapport med fokus på drikkevasskvalitet.
Vurderingsformer
Det blir gitt karakterar på to delprøver: ei delprøve med fleirvalsoppgåver som tel 30% , og ei sluttprøve (4 timar) som tel 70% av endeleg eksamenskarakter. Alle delprøver må vere bestått.
Obligatorisk framføring og rapport frå laboratorieøvingane må vere bestått for å få godkjent emnet.
Det blir teke atterhald om mindre justeringar i planen.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Mona Sæbø <mona.saboSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Anette Norheim Fredly - 16.01.2012