Organisk kjemi og genteknologi 4111

Læringsutbytte

Etter fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbytte i form av kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse. Dei skal

  • kunne gjere greie for ei rekkje sentrale omgrep innan organisk kjemi og genetikk/genteknologi, og forstå ei rekkje grunnleggjande genteknologiske teknikkar og korleis desse kan bli nytta innan forsking.
  • ha praktiske ferdigheiter i form av DNA-ekstraksjon, måling av DNA-konsentrasjon, PCR og gelelektroforese. Det blir forventa at studenten skal kunne beherske dei mest relevante faglege verktøy som mikropipettar, sentrifuger og PCR-maskin etter avslutta kurs.
  • etter gjennomført emne kunne oppbygginga og funksjonar til dei stoffa som er undervist. Dei skal også sjølvstendig kunne gjennomføre dei underviste metodane, og forstå og forklare prinsippa og gi argumentasjon for val av metode ved ulike problemstillingar.
  • kunne formidle sentralt fagstoff innan organisk kjemi og genteknologi skriftleg i form av lab. rapportar.

Innhold

  • Hydrokarbon – struktur og nomenklatur
  • Funksjonelle grupper i molekyl: alkoholar, amin, eterar, karbonylsambindingar, esterar
  • Organiske reaksjonstypar, isomeri
  • Næringsstoff – karbohydrat, lipid og protein
  • Enzym
  • Forbrenning av sukker i kroppen
  • Nukleinsyrer og proteinsyntese
  • Innføring i genetikk
  • Genetiske variasjonar
  • Bruk av DNA-markørar
  • Korleis arbeide på ein DNA lab.
  • Ulike genetiske metodar (PCR, restriksjonsenzym)

Arbeids- og læringsformer

I organisk kjemi blir all teori gitt i form av forelesingar og arbeid i obligatoriske kollokvium. Det vil også vere enkle lab. øvingar. I genteknologi vil det vere nokre forelesingar i starten der sentrale teoriar om genetikk og ulike teknikkar blir gjennomgått. Fokus for genteknologidelen av kurset vil vere ulike eksperiment som studentane skal utføre i laboratoriet.

Vurderingsformer

I både organisk kjemi og genteknologi skal studentane levere lab. rapportar som skal vere godkjende før ein går opp til eksamen. I genteknologi skal studentane i tillegg gjennomføre ein praktisk lab. test som skal vere bestått.

Eksamen består av ei skriftleg midtprøve på 3 timar som tel 50 % (organisk kjemi), og ei skriftleg 3 timars slutteksamen som tel 50 % (genteknologi).

Det blir teke atterhald om mindre justeringar i planen.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Mona Sæbø <mona.saboSPAMFILTER@hit.no>,Bjørn Steen <bjorn.steenSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Anette Norheim Fredly - 16.01.2012