Kunstsosiologi, formidling og marknadsføring 2599

Læringsutbytte

Målet med kurset er at studentane skal kunne anvende humanistiske og samfunnsvitskaplege fagperspektiv på analyse av strukturar og prosessar på kunstfeltet. Ein vil òg rette søkjelyset mot formidling av kunst - særleg mot marknadsføringsprosessane og -strategiane som aktørar på kunstfeltet nyttar. Ein nyttar eksempel frå fleire ulike kunstfelt.

Innhold

Innhald
I dette emnet vil ein studere kunstfeltet ut ifrå eit kultursosiologisk og eit marknadsføringsteoretisk perspektiv. Ein vil òg sjå endringsprosessar på kunstfeltet frå ein historisk synsstad. Ein vil analysere strukturar og prosessar på fleire ulike kunstfelt, t.d. biletkunst, teater, musikk og litteratur. Og ein vil gå inn på særskilte marknadsføringsstrategiar på dei ulike kunstfelt. Følgjande tema er aktuelle:
- Kunstsosiologiske teoriar
- Formidlingskanalar, kretsløp, arenaer og portvaktarar på kunstfeltet
- Kunst og makt.
- Kunstnarroller i endring
- Kunstinstitusjonar i endring
- Kunstutdanning og seleksjonsprosessar
- Kulturelt entreprenørskap
- Kunst og kjønn
- Kulturaktivitetar: Skiljeliner mellom ”høg” og ”låg”. Demokratisering av kulturen
- Folkeopplysning. Folk og elite.
- Sentrum og periferi på kunstfeltet.
- Kulturnæringar og marknadsføring
- Marknadsføringsmodellar og marknadsinformasjon
- Marknadsføring og kommunikasjonsteori
- Kulturgode som ”produkt” og konsumentåtferd
- Segmentering og posisjonering
- Marknadsinformasjon.

Arbeids- og læringsformer

Undervisningsforma i eit fordjupingsemne er seminar, med 3 timar per veke. Seminarforma føreset aktiv deltaking frå studentane i form av førebudde innlegg og deltaking i diskusjonen. Undervisninga går i vårsemesteret.

Vurderingsformer

Sluttvurdering av fordjupingsemnet skjer ved prøveforelesing på 40 - 45 minutt eller ved munnleg eksamen. Kandidatane bestemmer sjølve om dei vil prøveforelese eller ha munnleg eksamen, men dei skal prøveforelese i det eine fordjupingsemnet og ha munnleg eksamen i det andre. Oppgåva til prøveforelesinga blir oppgitt av instituttet. Kandidatane melder frå ved oppmeldinga til det einskilde emnet kva for evalueringsform dei ønskjer.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Eline Flesjø <Eline.FlesjoSPAMFILTER@hit.no> - 19.03.2012