British Romanticism 2021
Læringsutbytte
Studenten skal ha ei brei forståing av den litterære, kulturelle og politiske situasjonen i Storbritannia på slutten av 1700-talet og byrjinga av 1800-talet. Studenten skal òg ha eit klårt inntrykk av denne perioden si rolle i britisk historie, og dei trekka ved perioden som har vore særleg viktige heilt fram til vår eiga tid. Emnet skal vidare gjere studenten i stand til kritisk å vurdere andre tekster og fenomen frå perioden som ikkje er inkluderte i pensum.
Innhold
For å fange opp dei mange aspekta ved perioden, vil kurset bli undervist i tematiske bolkar. Ein vil gjere seg nytte av eit bredt spekter av tekster: romanar, poesi, brev, reiseskildringar og politiske, filosofiske og religiøse tekster. Blant tema ein vil kome inn på er: natursynet, kunstens og kunstnaren si rolle, geniar og heltar, politikk, religion og kvinnene si stilling. Biletkunst frå perioden vil bli nytta som supplement til tekstene.
All undervisning og studentaktivitet går føre seg på engelsk.
Det stillast krav om obligatoriske innleveringar og munnlege oppgåver.
Arbeids- og læringsformer
Forelesingar og seminar, 3 timar i veka. Haustsemesteret. Undervisningsforma vil ofte veksle mellom forelesing og seminar, avhengig av dynamikken i gruppa, men generelt vil forelesingane gje bakgrunn for emneområda og pensumtekstene, medan den meir detaljerte diskusjonen av tekstene i stor grad forutset aktiv deltaking frå studentane.
Vurderingsformer
Minst ein skriftleg innlevering skal vere bestått før ein kan gå opp til slutteksamen.
3 timars skriftleg midtsemesterprøve som tel 40% av samla karakter.
4 timars skriftleg sluttprøve som tel 60%.
Både midtprøve og sluttprøve må vere beståtte for å få bestått karakter i emnet.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Eline Flesjø <Eline.FlesjoSPAMFILTER@hit.no> - 10.04.2012