Fantastisk litteratur for internasjonale studenter 2626

Læringsutbytte

Kunnskap om fantastisk litteratur, særleg norsk og nordisk, på historisk bakgrunn. Kunnskap om teori på området.
Ferdigheit i å skrive resonnerande og argumenterande om fantastisk litteratur.
Kompetanse i å gi opplæring til andre - særleg elevar - om fantastisk litteratur.

Innhold

Studentane skal lese eit utval verk og tekstar frå mellomalderen til nyare tid, som representerer ulike former for fantastisk dikting, og dessutan eit utval teoretisk litteratur i tilknyting til emnet.

Arbeids- og læringsformer

Undervisning i haustsemestret, 2 veketimar i 15 veker. Forelesing og seminar. Emnet går inn i bachelorgraden i språk og litteratur med fordjuping i norsk.

Vurderingsformer

Individuell heimeoppgåve på ca. 2500 ord, som tel 40 %, og 5-timars skriftleg sluttprøve, som tel 60 %. Begge prøvene må vere bestått for å få emnet godkjent.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Eline Flesjø <Eline.FlesjoSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 02.09.2012