HIS-2 Norden etter 1740: Fellesskap og fragmentering 3514

Læringsutbytte

Emnet skal gje dette læringsutbyttet:

Kunnskap og forståing:

  • Kunnskap om etableringa av det moderne nordiske statssystem og forståing for politiske og kulturelle prosessar som har virka for og mot nordisk samarbeid.
  • Forståing av kva som særpregar nordisk politisk kultur og av korleis og kvifor særdraga har utvikla seg.
  • Forståing av metodar som vert nytta innafor historiefaget og tilhøvet mellom kjeldegrunnlag og historiske framstillingar og hypotesar. Kjennskap til komparativ metode.
  • Forståing for historisk forskingsdebatt.

Dugleik:

  • Evne til å kritisere, kommentere eller redigere tekstar og dokument ut frå historiefagets allmenne reglar for kritikk
  • Evne til å kommunisere munnleg om faget ved hjelp av dei aksepterte terminologiane og teknikkane i det.
  • Evne til å formulere historiefagleg fruktbare problemstillingar.
  • Evne til kritisk å analysere historiske data, kjelder og litteratur, og til å trekkje sjølvstendige konklusjonar frå slikt materiale.
  • Evne til å organisere kompleks historisk informasjon på logisk konsekvent måte.
  • Ha kjennskap til og kunne nytte informasjons- og søkjeverkty som bibliografisk materiale, arkivmateriale, elektroniske referansar.

Kompetanse:

  • Formidle avansert fagleg innhald både munnleg og skriftleg.
  • Kunne arbeide sjølvstendig med en gjeven eller eigenformulert problemstilling.
  • Ha evne til å setje seg inn i nye problemområde og analysere emne frå fleire sider.
  • Kunne utveksle synspunkt på historiske emne og grunngje faglege standpunkt.
  • Ha kritisk medvit om relasjonane mellom fortida og samtidige hendingar og prosessar.

Innhold

Tyngdepunkt i emnet er

  • Monarkia si krise og fornying.
  • Forvandlinga av den politiske debatten.
  • Politisk deltaking – endringar i form og omfang.
  • Kvinneleg og mannleg som politiske dimensjonar .
  • Demokratiseringa av de nordiske landa.
  • Utviklinga av nasjonale identitetar og nasjonalisme i Norden.
  • Koloniale og post-koloniale strukturar i dei nordiske landa?
  • Den politiske skandinavismen.
  • Kulturskandinavisme og praktisk samarbeid.
  • Nordisk samarbeid. Den politiske og ideologiske bakgrunnen for «nordismen» og nordisk politisk og kulturelt samarbeid.
  • Ein nordisk modell?

Emnet er forskingsbasert i og med at det til vanleg er aktive forskarar som underviser og som trekkjer inn eigne erfaringar der det er relevant. Under ekskursjonen knytt til emnet (sjå under) vil studentane også kome i direkte kontakt med aktive forskarar.

Emnet er ein del av påbyggingsstudiet i nordisk historie (sjå eigen plan for dette). Det er berekna å takast saman med eit oversynsemne (3508) og eit anna fordjupingsemne, kvart på 10 studiepoeng. Emnet 3508 gjev bakgrunnskunnskapar og metodisk basis for fordjupingsemnet 3514, og bør difor alltid takast saman med eller før dette. Det kan variere frå år til år om 3514 blir tilbode og om det blir tilbode i vår- eller haustsemesteret.

Arbeids- og læringsformer

Undervisinga blir gjeve i form av seminar der det blir kravd aktiv deltaking frå studentane. For at ein skal nå læringsutbyttet, er det naudsynt at studentane har førebudd seg grundig til undervisninga. Totalt undervisnings­omfang pr. veke vil normalt liggje på ca. tre timar. Undervisninga er ikkje obligatorisk. Faggruppa rår likevel til at undervisninga blir følgt regelmessig.

I tillegg til undervisninga på høgskolen inneheld studiet i nordisk historie ein ekskursjon på 4-7 dagar til eit anna nordisk land enn Noreg. I dei studieårea da xxxx vert tilbode, vil ekskursjonen alltid vere relevant for xxxx-emnet. For studentar som tek minst 20 studiepoeng i nordisk historie i haustsemesteret, er ekskursjonen obligatorisk. Ekskursjonen vert som regel arrangert i oktober. Studentar som eventuelt har tungtvegande grunner til ikkje å reise, må søkje fritak tidleg i semesteret. Ekskursjonen er til vanleg sterkt subsidiert, men studentane vil måtte dekkje en del av sine eigne utgifter.

Studentar som ikkje følgjer undervisinga (heilt eller delvis), kan få pålegg om ei eller fleire oppgåveinnleveringar som obligatoriske arbeidskrav og vilkår for å gå opp til eksamen (sjå under). Faglærar er ansvarleg for slike pålegg. Det kan òg verte fastsett obligatoriske arbeidskrav, m.a. innlevering av oppgåver, for alle studentar. Å oppfylle slike obligatoriske arbeidskrav er i så fall eit vilkår for å gå opp til eksamen i emnet for alle studentar (også privatistar og kontinuantar med mindre det er gjeve fritak i kvart enkelt tilfelle). Faglærar kan innkalle studenten til samtale før innleverte oppgåvesvar vert endeleg godkjent.

Dersom delar av undervisinga er obligatorisk, eller det vert fastsett obligatoriske arbeidskrav, vil dette gå fram av planen for det enkelte semesteret.

Vurderingsformer

Vurderinga består anten av ein heimeeksamen (to veker pluss munnleg prøve) eller av ein seks timars skriftleg skoleeksamen mot slutten av semesteret. Det vert avgjort ved loddtrekking kva for vurderingsform som skal gjelde i det enkelte semesteret, på den måten at studentar som tek begge fordjupingsemna som vert tilbode i nordisk historie i same studieår, vil få heimeeksamen i det eine og skoleeksamen i det andre. Loddtrekkinga skjer i haustsemesteret og resultatet gjeld òg eksamensforma for dei studentane som eventuelt berre tek eitt fordjupingsemne.

Eksamensforma er vald for at studentane skal få prøvd både sine kunnskapar om og forståing av den historiske utviklinga, si evne til analytisk og kritisk tenking, og si evne til munnleg og skriftleg formidling, jf. punkta om læringsutbytte over.

Til heimeeksamen kan annan relevant litteratur (f.eks. ein artikkel) og/eller kjeldestoff trekkjast inn, i tillegg til pensum. Slike tillegg får studentane i så fall utlevert i kopi. Den munnlege prøven supplerer den skriftlege. Berre studentar som har stått på den skriftlige prøven vert kalla inn til munnleg prøve.

Det blir gjeve karakter etter ein femtrinns bokstavskala frå A til E for stått og F for ikkje stått.

Det tas forbehold om mindre justeringar i planen.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Eline Flesjø <Eline.FlesjoSPAMFILTER@hit.no> - 12.12.2012