Fantastisk litteratur 2115

Læringsutbytte

Kunnskap om fantastisk litteratur, særleg norsk og nordisk, på historisk bakgrunn. Kunnskap om teori på området.

Ferdigheit i å skrive resonnerande og argumenterande om fantastisk litteratur.

Kompetanse i å gi opplæring til andre - særleg elevar - om fantastisk litteratur.

Innhold

Studentane skal lese eit utval verk og tekstar frå mellomalderen til nyare tid, som representerer ulike former for fantastisk dikting, og dessutan eit utval teoretisk litteratur i tilknyting til emnet.

Arbeids- og læringsformer

Undervisning i haustsemestret, 2 veketimar i 15 veker. Forelesing og seminar. Emnet går inn i bachelorgraden i språk og litteratur med fordjuping i norsk.

Vurderingsformer

Individuell heimeoppgåve på ca. 4000 ord, som tel 40 %, og 5-timars skriftleg sluttprøve, som tel 60 %. Begge prøvene må vere bestått for å få emnet godkjent.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Eline Flesjø <eline.flesjoSPAMFILTER@hit.no> - 07.01.2013