Litteratur og kultur i Latin-Amerika og Spania 2306
Læringsutbytte
- ha auka kunnskap om litteratur og kultur i det spansktalande språkområdet
- vere i stand til å lese og forstå hovudinnhaldet i forskjellige typar tekster i ulike sjangrar
- kjenne til ulike litterære verk frå det spansktalande språkområdet
- kunne sette tekstene inn i ein historisk og litterær samanheng
- ha kjennskap til grunnleggande tekstanalyse
- kjenne til ulike kulturelle uttrykk i den spansktalande verda
- bruke litteratur for å beskrive ulike samfunnsforhold i den spansktalande verda
- kunne uttrykke eigne synspunkt og haldningar til ulike tekster
Innhold
Emnet tar utgangspunkt i moderne litteratur frå Spania og Latin-Amerika. Tekstene vil vere i ulike sjangrar, og dei blir også lesne i sine sosiale og politiske kontekstar.
Arbeids- og læringsformer
Studiet er sett saman av førelesingar, seminar og nettbasert oppfølging. Det vil vere obligatorisk deltaking i seminara samt obligatoriske aktivitetar (teori og praksis). Undervisninga skjer på spansk.
Vurderingsformer
Eksamenen er todelt:
Ein skriftleg skuleeksamen som tel 50 % av samla karakter.
Ei munnleg prøve på inntil 30 minuttar som tel 50 % av samla karakter.
Det blir kravd ståkarakter i begge eksamenane for å oppnå ståkarakter i heile emnet. Det blir gjeve graderte karakterar frå A til F, der E er lågaste ståkarakter.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Miguel Vazquez-Larruscain <miguel.vazquez-larruscainSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Eline Flesjø - 07.01.2013