HIS-1 Verda etter 1750 - nett 3502N

Læringsutbytte

Kunnskap og forståing:
- Godt oversyn over hovudtrekka i verdshistoria etter ca. 1750.
- Brei kunnskap om viktige historiske hendingar i perioden, og bakgrunnen for dei.
- Forståing av metodar som vert bruka innafor ulike felt av historiefaget.
- Forståing for korleis historisk kunnskap blir bygt opp.

Dugleik:
- Evne til å kritisere, kommentere eller redigere tekstar og dokument ut frå historiefagets allmenne reglar for kritikk.
- Evne til kritisk å analysere historiske data, kjelder og litteratur, og til å trekkje sjølvstendige konklusjonar frå slikt materiale.
- Evne til å organisere kompleks historisk informasjon på logisk konsekvent måte.
- Ha kjennskap til informasjons- og søkjeverktøy.

Kompetanse:
- Formidle fagleg innhald både munnleg og skriftleg.
- Kunne arbeide sjølvstendig med ei gjeven problemstilling.
- Ha evne til å setje seg inn i nye problemområde og analysere emne frå fleire sider.
- Ha medvit om og respekt for perspektiv som har ulike nasjonale og kulturelle opphav.
- Ha kritisk medvit om relasjonane mellom fortida og samtidige hendingar og prosessar

Innhold

Tyngdepunkt i emnet er

  • Den industrielle revolusjonen – som forandra verda
  • Bølga av demokratiske revolusjoner i den vestlege verda, med særleg vekt på den franske revolusjonen og dens verknader.
  • Gjennombrotet for nasjonalstatstanken
  • Sosiale og økonomiske utviklingstrekk på 1800-talet
  • Imperialismen: Vesten legg verda under seg
  • Ideologiar og tilhøvet mellom ideologiar og politikk
  • Demokrati eller diktatur: dei store politiske motsetnadane i mellomkrigstida
  • Dei store katastrofene: første og andre verdskrig
  • Den kalde krigen og terrorbalansen
  • Avkoloniseringa
  • Tilhøvet mellom nord og sør, mellom industriland og «utviklingsland»
  • Samanbrotet i austblokka: Mot eit nytt verdsbilde?
  • Utfordringar knytta til miljø, folkevekst, migrasjon

Emnet er forskingsbasert i og med at det til vanleg er aktive forskarar som underviser. Faglæraranes eiga forsking kan i nokre høve trekkjast direkte inn i undervisninga.

Emnet er ein del av årsstudiet i historie, samlings- og nettbasert (sjå eigen plan for dette).

Arbeids- og læringsformer

Studieopplegget inneheld tre hovudkomponentar i tillegg til sjølvstendig pensumlesing:

1) Samlinger med forelesinger – ei i byrjinga og ei i slutten av semesteret, til vanleg kvar på to dagar (oftast fredag og laurdag). Sanntidsforelesinger over nett kan også verte nytta.

2) E-lærings verkty vert nytta til utlegging av materiale, inkludert oppgåvetekst til obligatoriske oppgåver, og til alle innleveringer. Lydfiler med faglege forelesinger/studiosamtaler vert lagt ut jamleg. Om anna materiale vert lagt ut, slik som presentasjonar, tekstsamandrag, lenker og ikkje-obligatoriske oppgåver, vil dette skje meir sporadisk.

3) Jamlege gruppesamtalar til faste tider over nettet. Anna direkte kontakt mellom lærarar og studentar skjer pr. e-post eller ordinær telefon. Det vil også verte lagt til rette for fagleg diskusjon og gruppearbeid over nettet.

Vurderingsformer

Vurderinga består av

  • ei undervegsprøve/innleveringsoppgåve som vert vurdert til Bestått eller Ikkje bestått
  • ei skriftleg sluttprøve på 4 timar

Undervegsprøva må vere bestått for at studenten får gå opp til sluttprøva. Studentar som ikkje består undervegsprøva på fyrste forsøk får éin sjanse til.

Karakterskalaen: bokstavskala på fem trinn frå A til E for bestått og F for ikkje bestått

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Jens Johan Hyvik <jens.j.hyvikSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Eline Flesjø - 30.10.2013