HIS-1 Spesialisering verda før 1750 3531
Læringsutbytte
Emnet skal gje dette læringsutbyttet:
Kunnskap og forståing:
• Godt oversyn over hovudtrekka i verdshistoria før ca. 1750.
• Brei kunnskap om viktige historiske hendinger i perioden, og bakgrunnen for dei.
• Forståing av metoder som vert nytta innanfor ulike felt av historiefaget.
• Forståing av korleis historisk kunnskap vert oppbygd.
Dugleik ein skal oppnå:
• Å kunne kritisere, kommentere eller redigere tekstar og dokument etter historiefagets allmenne reglar for kritikk.
• Å kunne analysere historiske data, kjelder og litteratur, og å kunne trekkje selvstendige konklusjonar frå slikt materiale.
• Å kunne organisere kompleks historisk informasjon på logisk konsekvent vis.
• Å meistra verktøy for informasjon og søking.
Kompetanse:
• Formidle fagleg innhald både munleg og skriftleg.
• Kunne arbeide sjølvstendig med ein gjeven problemstilling.
• Kunne sette seg inn i nye problemområde og analysere emne frå fleire sider.
• Ha medvit om og respekt for perspektiv som har ulike nasjonale og kulturelle opphav.
• Ha kritisk medvit om relasjonane mellom fortida og samtidige hendingar og prosessar
Læringsmål
- Gje inngåande kjennskap til eit avgrensa tema i verdshistoriet i tida før 1750
- Gje kjennskap til kjeldegrunnlag og relevant forskingslitteratur for tema.
- Øve opp evna til å vurdere stoffet i emnet kritisk og sjølvstendig.
- Gje kjennskap til tolking av kjelder ved å leggje opp eit utval kjelder relevant for tema.
- Øve opp evna til eigen skriftleg og munnleg framstilling av historisk stoff.
- Trene opp argumentasjon og analytisk tenking.
- Gje kunnskaper i historisk metode, teori og historiografi og øve opp evna til metodisk og teoretisk refleksjon.
Innhold
Emnet er forskingsbasert i og med at undervisningspersonalet normalt er sett saman av aktive forskarar. Kjeldemateriale frå forskinga til faglærarane vil kunne bli brukt som døme i forelesingar eller i øvingsoppgåver.
Emnet kan veksle mellom ulike enkelttema, til dømes:
- Det athenske demokratiet
- Samfunn og politikk i antikkens Roma
- Kyrkje og helgenkult i europeisk middelalder
Emnet er ein del av årsstudiet i historie (se eigen plan for dette). Det er meininga at ein tek det saman med oversiktsemnet 3501.
Arbeids- og læringsformer
Undervisninga blir i hovudsak gjeven i form av seminar, men ein kan også nytte forelesinger og lydfiler lagt ut på nettet.
Seminarundervisinga er obligatorisk. Privatistar kan få avtale om å sleppe obligatorisk oppmøte mot å levere inn fleire oppgåver.
Vurderingsformer
Vurderinga består av
- ei undervegsprøve/innleveringsoppgåve som vert vurdert til Bestått eller Ikkje bestått
- ei skriftleg sluttprøve på 3 timar
Undervegsprøva må vere bestått for at studenten får gå opp til sluttprøva. Studentar som ikkje består undervegsprøva på fyrste forsøk får éin sjanse til.
Karakterskalaen: bokstavskala på fem trinn frå A til E for bestått og F for ikkje bestått
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Kai Østberg <ostbergSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Eline Flesjø - 30.10.2013