HIS-1 Spesialisering verda etter 1750 3532
Læringsutbytte
Kunnskap og forståelse:
- Inngåande kunnskap om enkelttrekk relevant for temaet: t.d. personar, samfunnsgrupper, institusjonar, økonomiske, kulturelle og ideologiske tilhøve, og hendingar knytt til desse.
- Kunnskapar om samanhengar og utviklingstrekk i tidsromet tema dekkjer.
- Kunnskap om metodar brukt i analyser av tema.
- Lære korleis historisk kunnskap er bygt opp.
Ferdigheter:
- Evne til å kritisere, kommentere eller redigere tekstar og dokument i tråd med historiefagets allmenne reglar for kritikk.
- Evne til å kommunisere munnleg om faget ved hjelp av aksepterte terminologiar og teknikkar i faget.
- Evne til kritisk å analysere historiske data, kjelder og litteratur, og til å dra sjølvstendige konklusjonar frå slikt materiale.
- Evne til å organisere kompleks historisk informasjon på logisk konsekvent måte.
- Ha kjennskap til informasjons- og søkeverktøy.
Kompetanse:
- Formidle fagleg innhald både munnleg og skriftleg.
- Kunne arbeide sjølvstendig med ei oppgjeven problemstilling.
- Ha evne til å analysere emne frå fleire sider.
- Ha medvit om og respekt for perspektiv som har ulike nasjonale, kulturelle og historiske opphav.
- Ha kritisk medvit om relasjonane mellom fortida og samtidige hendingar og prosessar.
Læringsmål:
- Å gje inngåande kjennskap til eit avgrensa tema i verdshistoriet i tida etter 1750
- Gje kjennskap til kjeldegrunnlag og relevant forskingslitteratur for tema.
- Øve opp evna til å vurdere stoffet i emnet kritisk og sjølvstendig.
- Gje kjennskap til tolking av kjelder ved å leggje opp eit utval kjelder relevant for tema.
- Øve opp evna til eigen skriftleg og munnleg framstilling av historisk stoff.
- Trene opp argumentasjon og analytisk tenking.
- Gje kunnskaper i historisk metode, teori og historiografi og øve opp evna til metodisk og teoretisk refleksjon.
Innhold
Emnet er forskingsbasert i og med at undervisningspersonalet normalt er sett saman av aktive forskarar. Kjeldemateriale frå forskinga til faglærarane vil kunne bli brukt som døme i forelesingar eller i øvingsoppgåver.
Emnet kan veksle mellom ulike enkelttema, til dømes:
- Den franske revolusjonen
- Utbrotet av første verdskrig
- Sovjetunionen 1917 – 1991
- Utbrotet av den kalde krigen
- Israel og Palestina si moderne historie
Emnet er ein del av årsstudiet i historie, samlings- og nettbasert (se eigen plan for dette). Det er meininga at ein tek det saman med oversynsemnet 3502.
Arbeids- og læringsformer
Undervisninga blir i hovudsak gjeven i form av seminar, men ein kan også nytte forelesingar og lydfiler lagt ut på nettet.
Seminarundervisinga er obligatorisk. Privatistar kan få avtale om å sleppe obligatorisk oppmøte mot å levere inn fleire oppgåver.
Vurderingsformer
Vurderinga består av
- ei undervegsprøve/innleveringsoppgåve som vert vurdert til Bestått eller Ikkje bestått
- ei skriftleg sluttprøve på 3 timar
Undervegsprøva må vere bestått for at studenten får gå opp til sluttprøva. Studentar som ikkje består undervegsprøva på fyrste forsøk får éin sjanse til.
Karakterskalaen: bokstavskala på fem trinn frå A til E for bestått og F for ikkje bestått
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Jens Johan Hyvik <jens.j.hyvikSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Eline Flesjø - 30.10.2013