HIS-1 Spesialisering verda før 1750 3531

Læringsutbytte

Emnet skal gje dette læringsutbyttet:
Kunnskap og forståing:
• Godt oversyn over hovudtrekka i verdshistoria før ca. 1750.
• Brei kunnskap om viktige historiske hendinger i perioden, og bakgrunnen for dei.
• Forståing av metoder som vert nytta innanfor ulike felt av historiefaget.
• Forståing av korleis historisk kunnskap vert oppbygd.
Dugleik ein skal oppnå:
• Å kunne kritisere, kommentere eller redigere tekstar og dokument etter historiefagets allmenne reglar for kritikk.
• Å kunne analysere historiske data, kjelder og litteratur, og å kunne trekkje selvstendige konklusjonar frå slikt materiale.
• Å kunne organisere kompleks historisk informasjon på logisk konsekvent vis.
• Å meistra verktøy for informasjon og søking.
Kompetanse:
• Formidle fagleg innhald både munleg og skriftleg.
• Kunne arbeide sjølvstendig med ein gjeven problemstilling.
• Kunne sette seg inn i nye problemområde og analysere emne frå fleire sider.
• Ha medvit om og respekt for perspektiv som har ulike nasjonale og kulturelle opphav.
• Ha kritisk medvit om relasjonane mellom fortida og samtidige hendingar og prosessar

Læringsmål

  • Gje inngåande kjennskap til eit avgrensa tema i verdshistoriet i tida før 1750
  • Gje kjennskap til kjeldegrunnlag og relevant forskingslitteratur for tema.
  • Øve opp evna til å vurdere stoffet i emnet kritisk og sjølvstendig.
  • Gje kjennskap til tolking av kjelder ved å leggje opp eit utval kjelder relevant for tema.
  • Øve opp evna til eigen skriftleg og munnleg framstilling av historisk stoff.
  • Trene opp argumentasjon og analytisk tenking.
  • Gje kunnskaper i historisk metode, teori og historiografi og øve opp evna til metodisk og teoretisk refleksjon.

Innhold

Emnet er forskingsbasert i og med at undervisningspersonalet normalt er sett saman av aktive forskarar. Kjeldemateriale frå forskinga til faglærarane vil kunne bli brukt som døme i forelesingar eller i øvingsoppgåver.

Emnet kan veksle mellom ulike enkelttema, til dømes:

  • Det athenske demokratiet
  • Samfunn og politikk i antikkens Roma
  • Kyrkje og helgenkult i europeisk middelalder

Emnet er ein del av årsstudiet i historie (se eigen plan for dette). Det er meininga at ein tek det saman med oversiktsemnet 3501.

Arbeids- og læringsformer

Undervisninga blir i hovudsak gjeven i form av seminar, men ein kan også nytte forelesinger og lydfiler lagt ut på nettet.

Seminarundervisinga er obligatorisk. Privatistar kan få avtale om å sleppe obligatorisk oppmøte mot å levere inn fleire oppgåver.

Vurderingsformer

Vurderinga består av

  • ei undervegsprøve/innleveringsoppgåve som vert vurdert til Bestått eller Ikkje bestått
  • ei skriftleg sluttprøve på 3 timar

Undervegsprøva må vere bestått for at studenten får gå opp til sluttprøva. Studentar som ikkje består undervegsprøva på fyrste forsøk får éin sjanse til.

Karakterskalaen: bokstavskala på fem trinn frå A til E for bestått og F for ikkje bestått

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Kai Østberg <ostbergSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 31.01.2014