Forprosjekt 30MASTFP

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha tileigna seg dette læringsutbyttet:

Kunnskap

  • Kunne analysere faglege problemstillingar innan folkemusikk / folkekunst med utgangspunkt i fagområdet si historie, tradisjonar og plass i samfunnet

Ferdigheter

  • Evne til å analysere og forhalde seg kritisk til ulike kjelder og bruke dette til å strukturere og formulere faglege resonnement
  • Evne til å bruke vitskaplege og kunstfaglege metodar til å utvikle eit forskingsprosjekt der eigen kulturell/kunstnarleg praksis settast inn i eit teoretisk perspektiv

Kompetanse

  • Kunne bruke sine kunnskapar og ferdigheiter på nye områder for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt
  • Kunne kommunisere om kunst- og kulturfaglege problemstillingar, analyser og konklusjonar, både med spesialistar og med allmenta.

Innhold

Forprosjektet m. prospekt

Før studentane går i gang med mastergradsprosjektet er det viktig at dei brukar tid på å avgrense stoff og emne, avklare problemstillingar og metodar. Dette arbeidet blir kalla forprosjektet. I dette arbeidet skal studenten syne kva slags dokumentert/innsamla materiale som kan belyse problemstillinga. Til forprosjektet høyrer det også at studenten skal finne fram til det teoretiske verktøyet som er best egna for det aktuelle mastergradsprosjektet.

Studenten får tildelt rettleiarar i første semester, når arbeidet med forprosjektet startar. Gjennom ulike seminar i første semester skal studentane få hjelp til å skissere prosjektet. Denne skissa skal leverast inn i slutten av haustsemesteret.

Arbeidet med forprosjektet vil bli følgd opp gjennom tre obligatoriske seminar i andre semester. Her vil dei ymse prosjekta bli drøfta. Forprosjektet skal føre fram til eit prospekt, dvs. ei oversikt på 8-10 sider, for arbeidet med mastergradsprosjektet. Oversikta skal mellom anna innehalde problemstilling, metode, bibilografi og framdriftsplan. Det skrivne prospektet skal vere godkjent før studentane kan gå vidare med mastergradsprosjektet. Prospektet kan godkjennast når som helst i løpet av semesteret, seinast etter framlegging på det tredje seminaret.

På seminara skal kvar student halde ei framlegging på 30 minutt, der det vert gjort greie for arbeidet med prospektet til dette er godkjent, og for ulike delar av prosjektet, etter avtale med rettleiarane. Til kvar framlegging skal ein annan student halde ein opposisjon på 10 minutt. Både framlegging og opposisjon er obligatorisk.

Prosjekta og rettleiinga blir tilpassa den einskilde studenten, der ein tek omsyn til kjeldematerialet studenten arbeider med og til den utøvande målsetjinga for prosjektet. Kjeldematerialet vil nok mest vanleg vere å finne innan norsk tradisjon, men ein vil også oppmode studentar om å skaffe seg innsikt i andre tradisjonskulturar, t.d. gjennom opphald i utlandet. Vidare vil det vere utanlandske studentar som naturleg nok må få ta utgangspunkt i eigen tradisjon.

Innhaldet i prospektet skal til saman omfatte:

  • Problemformulering
  • Val og grunngjeving av strategi og metodar
  • Klårgjering av relevant saksinnhald og sentrale omgrep
  • Gjennomføring av eit prosjekt ved hjelp av kjelder, eigne observasjonar og utøving
  • Høveleg dokumentasjon, både teoretisk og praktisk-estetisk
  • Drøfting av resultat

Arbeids- og læringsformer

Alt i førelesningane i den felles innføringsdelen vil det bli fokusert på forprosjektet. Dette vil bli særleg synleg i emnet Vitskapsteori og prosjektutvikling. Elles vil det bli halde ulike prosjektseminar der studentane skal bidra aktivt. Her vil først og fremst dei lærarane delta, som er knytte til instituttet, men ved behov vil det også bli invitert gjesteførelesarar frå andre høgskolar og universitet. Heile tida blir siktemålet å gje studentane hjelp til å utarbeide prosjektplanane sine. Det er også viktig at studentane lagar kollokviegrupper der dei får diskutere med kvarandre. Individuell rettleiing blir også ein del av undervisningsformene.

Vurderingsformer

Dei tre presentasjonane og prospektet i 2. semester utgjer 30 studiepoeng.

Det vil bli gjeve karakteren ”bestått” eller ”ikkje bestått”. Ein må ha bestått før ein kan gå vidare med masterprosjektet i det 3. semesteret.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Bodil Akselvoll <Bodil.AkselvollSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 08.02.2015