Norsk 1 - Språkutvikling hos barn. Skrive- og leseopplæring NOR 101B
Læringsutbytte
Studenten skal etter arbeid med NOR 101 “Språkutvikling hos barn. Skrive- og leseopplæring” ha fylgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten har:
- kunnskap om teoriar om lese- og skriveopplæring med særleg vekt på begynnaropplæring
- kunnskap om og kan vurdere ulike typar norskfaglege læremiddel
- brei innsikt i norsk grammatikk
- kunnskap om ulike teoriar om andrespråkslæring
- kunnskap om skriftforming
Dugleik
Studenten kan:
- gjere greie for teoriar om korleis barn utviklar språk munnleg og skriftleg
- diskutere korleis vi bruker og tolkar språk i ulike kommunikasjonssituasjonar
- leggje til rette for, gjennomføre og evaluere norskundervising på ulike trinn frå første til sjuande trinn og grunngi faglege val
- skrive fagtekstar innanfor ein akademisk og sakprega tradisjon
- leggje til rette for opplæring for elevar frå språklege minoritetar
- bruke ulike lese- og skrivestrategiar og begrunne kvifor dei skal nyttast i undervisninga
Generell kompetanse
Studenten skal:
- utvikle ei sjølvstendig og fagleg reflektert haldning til utøvinga av eit norskfag der læring og danning til eleven står i sentrum
- vere ein sikker munnleg språkbrukar og vere stø i skriftleg bokmål og nynorsk
- kritisk og sjølvstendig kunne vurdere ulike former for kartleggingsverktøy og kunne drøfte aktuelle tiltak
- kunne leggje til rette for tilpassa opplæring på alle trinn
Innhold
Norskfaget handlar om identitet, kultur og danning. Studentane skal utvikle ei god forståing av samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis.
Modul 1 (15stp) – Språkutvikling hos barn. Skrive- og leseopplæring.
Denne modulen vil formidle forskingsbasert kunnskap om språk, grammatikk og lese- og skriveopplæring. Du vil få kunnskap om korleis barn utviklar språket sitt og korleis det munnlege språket dannar grunnlaget for å tileigne seg lese- og skrivedugleik. I denne samanhengen er det viktig å framheve leseopplæring for elevar frå språklege minoritetar.
Du vil i denne modulen bli kjent med elevane sine fyrste tekstskapingsforsøk og sjå utviklinga fram mot heile tekstar. Elevtekstvurdering er ein sentral del av studiet.
I all begynnaropplæring er kreativitet og gode språklege førebilete vesentleg. Difor vil element som munnleg forteljing, rim og regler, biletbøker, høgtlesing og estetiske og multimodale tilnærmingsmåtar, m.a. drama også bli lagt vekt på.
Arbeids- og læringsformer
Arbeidet i studiet vil bli organisert på mange måtar: fellesførelesingar, seminartimar, rettleiing i grupper samt skrivegrupper. I norskfaget er det viktig å reflektere over eigen progresjon knytt til dei fastsette måla for faget og å kunne sjå samanheng mellom teori og praksis.
Å skrive og produsere tekst er ein vesentleg dimensjon i norskfaget. Oppgåveskriving skal kvile på vitskapsteoretiske og metodiske prinsipp. Du skal skrive om lag like mange tekstar på nynorsk og bokmål.
Vurderingsformer
Du vil møte to former for vurdering i norskstudiet - ei undervegsvurdering og ei sluttvurdering.
Undervegsvurderinga i modul 1 består av obligatoriske portar. Desse må du passere for å kunne bli meldt opp til eksamen og få ei sluttvurdering. Portane blir vurdert til bestått/ikkje bestått.
Port 1. Innlevering av fagtekstar (individuelle og/ eller gruppetekstar). Nokre av desse tekstane vil du få tilbakemelding på av faglærar, medan andre blir det forventa at du sjølv, saman med medstudentar, gir tilbakemelding på.
Port 2. Obligatorisk seminar i munnleg forteljing med framføring (modul 1 eller 2)
Port 3. Obligatorisk prøve i språkkunnskap. (modul 1). Godkjend/ikkje godkjend
Sluttvurderinga etter modul 1 er ein individuell munnleg eksamen. Studenten blir eksaminert i om lag 25 minutt. Denne eksamen blir vurdert med ein karakter på vitnemålet gradert frå A til F, der A er beste og E er lågaste ståkarakter. Jamfør forskrift om eksamen ved Høgskolen i Telemark.
Det kan bli mindre endringar i planen.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Øyfrid Garborg Sande Aufles <oyfrid.g.auflesSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Øyfrid Garborg S. Aufles - 14.11.2014