Norsk 1 - Munnlege, skriftlege og samansette tekstar NOR 102B

Læringsutbytte

Studenten skal etter arbeid med NOR 102B “Munnlege, skriftlege og samansette tekstar” ha fylgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten har:

- kunnskap om dei ulike funksjonane lesing, skriving og munnleg forteljing har for utvikling og læring hos elevar

- kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og samansette tekstar i ulike sjangrar og medium

Dugleik

Studenten kan:

- leggje til rette for, gjennomføre og evaluere norskundervising på ulike trinn frå 1.- 7. trinn og grunngi faglege val

- uttrykkje seg skriftleg innanfor ein akademisk og sakprega tradisjon

- meistre munnleg formidling og kan leggje til rette for og stimulere elevar til variert munnleg bruk av språket

- leggje til rette for at elevar les ulike typar tekstar og utviklar leselyst og gode lese- og skrivestrategiar

- leggje til rette for møte med tekstar på dansk og svensk, samiske og utanlandske tekstar i omsetjing, og tekstar som tematiserer eit fleirkulturelt samfunn.

- ta i bruk digitale verktøy i norskopplæringa og skape og vurdere digitale samansette tekstar

- ta i bruk drama i arbeid med munnlege, skriftlege og samansette tekstar.

Generell kompetanse

Studenten skal:

- utvikle ei sjølvstendig og fagleg reflektert haldning til utøvinga av eit norskfag der læring og danning til eleven står i sentrum

- kunne analysere og tolke ulike typar tekstar og formidle litteratur på varierte måtar, til dømes med hjelp av drama

- vere ein sikker munnleg språkbrukar og vere stø i skriftleg bokmål og nynorsk

- kunne leggje til rette for tilpassa opplæring på alle trinn

Innhold

Norskfaget handlar om identitet, kultur og danning. Studentane skal utvikle ei god forståing av samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis.

Modul 2 (15stp.) – Munnlege, skriftlege og samansette tekstar.

Det blir lagt stor vekt på litteraturen si tyding for utvikling av skriftspråkleg kompetanse hos barn og som bidrag til identitetsutviklinga. Difor vil arbeid med barnelyrikk, biletbøker og annan barnelitteratur stå sentralt. Også faglitteratur for barn har sin plass her. Eit utval vaksenlitteratur inngår som ledd i å heve studenten sin eigen litterære kompetanse.

Den vidare leseopplæringa vil vere eit emne i denne modulen med vekt på lese- og læringsstrategiar og ulike måtar å stimulere elevar til vidare lesing på eiga hand. Det vil og bli via merksemd korleis ein kan arbeide med leseforståing hos elevar som les på andrespråket.

Med utgangspunkt i retorikk og drama vil studenten få reiskapar til å arbeide målretta med tilretteleggjing av elevarbeid innafor munnlege, skriftlege og multimodale sjangrar.

Dette norskemnet vil formidle forskingsbasert kunnskap. Norskfaget er eit tekstfag, og derfor vil studenten også få ei innføring i grunnleggande tolkingsteori.

Arbeids- og læringsformer

Arbeidet i studiet vil bli organisert på mange måtar: fellesførelesingar, seminartimar, rettleiing i grupper samt skrivegrupper. Læringssamtalen (mellom faglærar, øvingslærar og student) skal vere ein hjelp til å bli bevisst kva du har lært, og kva du må lære for å bli ein god norsklærar. Det dreier seg om å reflektere over eigen progresjon knytt til dei fastsette måla for faget.

I norskfaget er det viktig å skrive og produsere tekst. Oppgåveskriving skal kvile på vitskapsteoretiske og metodiske prinsipp. Du skal skrive om lag like mange tekstar på nynorsk og bokmål.

I praksis skal du gjennomføre eit tverrfagleg praksisoppdrag i norsk og pedagogikk. Denne oppgåva skal leggast fram munnleg etter praksis.

Vurderingsformer

Du vil møte to former for vurdering i norskstudiet - ei undervegsvurdering og ei sluttvurdering.

Undervegsvurderinga i modul 2 består av obligatoriske portar. Desse må du passere for å kunne bli meldt opp til eksamen og få ei sluttvurdering. Portane blir vurdert til bestått/ikkje bestått.

Port 1. Innlevering av fagtekstar (individuelle og gruppetekstar). Nokre av desse tekstane vil du få tilbakemelding på av faglærar, medan andre blir det forventa at du sjølv, saman med medstudentar, gir tilbakemelding på. Mappa skal ha om lag like mange tekstar på nynorsk og bokmål.

Port 2. Obligatorisk seminar i munnleg forteljing med framføring (modul 1 eller 2).

Sluttvurdering: Skriftleg, individuell heime-eksamen, 48 timar. Oppgåva vil vera todelt. Ein del skal vera på nynorsk og ein del på bokmål. Denne eksamen blir vurdert med ein karakter på vitnemålet gradert frå A til F, der A er beste og E er lågaste ståkarakter. Jamfør forskrift om eksamen ved Høgskolen i Telemark.

Det kan bli mindre endringar i planen.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Øyfrid Garborg Sande Aufles <oyfrid.g.auflesSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Øyfrid Garborg S. Aufles - 14.11.2014