Norsk 1 – Språk og elevtekst NOR 501

Læringsutbytte

Norskfaget i grunnskolelærarutdanninga handlar om identitet, kultur, danning og tilhøvet vårt til samtid og fortid. Faget skal få studentane til å forstå seg sjølve i ein større, fleirkulturell samanheng. Å vere lærar for elevar på mellom- og ungdomstrinnet i alderen mellom 11 og 16 år krev at ein kan leggje til rette for at elevane vidareutviklar seg som lesarar, skrivarar og munnlege språkbrukarar, og at ein kan gi opplæring i dei grunnleggjande ferdigheitene.

Studenten skal etter arbeid med NOR 501 «Språk og elevtekst» ha fylgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten skal kunne

  • greie ut om og drøfte relevante teoriar om skriving og skriveopplæring
  • greie ut om skrivestrategiar
  • greie ut om språkutvikling hos barn og unge som allereie har tileigna seg grunnleggande lese- og skriveferdigheiter
  • greie ut om og drøfte dei ulike funksjonane skriving kan ha for elevars utvikling og læring
  • greie ut om språket som system og drøfte språket i bruk
  • greie ut om den gjeldande læreplanen for skolens norskfag
  • greie ut om fleirspråklegheit, og drøfte fleirspråkleg praksis og det å lære norsk som eit andrespråk

Dugleikar

Studenten skal kunne

  • planleggje, gjennomføre og vurdere norskundervisning på ulike trinn frå 5. til 10.trinn og grunngi faglege val
  • vurdere og bruke relevante undervisningsmetodar i skriveopplæring og skriftforming frå 5. til 10. trinn, både for elevar med norsk som førstespråk og andrespråk, og for elevar som skriv på bokmål og elevar som skriv på nynorsk
  • leggje til rette for at elevane får skrive sakprega tekstar og fiksjonstekstar av ulikt slag
  • bruke språk- og tekstkunnskap i arbeid med analyse, respons og vurdering av munnlege og skriftlege elevtekstar for å fremje læring
  • bidra til å utvikle lokale læreplanar
  • bruke ulike vurderingsmåtar i skriveopplæringa

Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • arbeide med språk og tekst i fleirkulturelle klassemiljø, utvikle språk- og kulturforståinga hjå elevane og rettleie elevane i arbeidet deira
  • uttrykkje seg ved ein klar og trygg språkbruk, både munnleg og i begge skriftlege målformer
  • nytte faglege kunnskapar til kritisk og konstruktiv refleksjon, og vurdere norskfaget og eigen praksis som norsklærar
  • reflektere over norskfaget ut frå forsking og i høve til fagets historie, og sjå faget i eit større danningsperspektiv, samt bidra til utvikling av lokale læreplanar i faget
  • planleggje, gjennomføre og vurdere norskundervisning på ulike trinn frå 5. til 10. klasse, og bruke ulike vurderingsmåtar i norskfaget

Innhold

Språk og elevtekst er tittelen på fyrste modul av norskfaget ved GLU 5-10. Studenten skal utvikle kunnskap om språk og utvikling av språklege ferdigheiter, og lære å nytte desse kunnskapane i arbeid med skriveopplæring. Arbeidet med å vidareutvikle skriveferdigheiter til elevar frå 5. til 10. trinn står sentralt.

Felles for fyrste og andre modul er vektlegginga av munnleg framstillingsevne og skriftlege ferdigheiter i båe målformer. Studenten skal òg kjenne dei utfordringane og moglegheitene det gir å arbeide i eit fleirkulturelt klassemiljø. Framfor alt skal studenten utvikle ei sjølvstendig og fagleg reflektert haldning til eit norskfag der elevens læring står i sentrum.

Arbeids- og læringsformer

Arbeidet i studiet kan bli organisert på mange måtar: fellesforelesingar, seminartimar, rettleiing i grupper, skrivegrupper, kortare kurs og bruk av Fronter og oppgåveskriving. Det blir opplyst i semesterplanen om det er obligatorisk oppmøte og deltaking. Undervegs i studiet vil du også få norskfaglege oppgåver knytt til praksis, og du skal delta i arbeid på tvers av fag. Det blir lagt stor vekt på skriveutvikling hjå studentane.

Vurderingsformer

Undervegsvurderinga består av obligatoriske arbeidskrav som blir fastsette i semesterplanen. Desse arbeidskrava må vere bestått for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Som sluttvurdering blir kandidaten prøvd i ein skriftleg individuell skoleeksamen på 6 timar, der målforma er bokmål. Ingen hjelpemiddel er tillatne under eksamen, heller ikkje ordliste.

Det blir gitt éin karakter gradert frå A til F, der A er beste og E er dårlegaste ståkarakter.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Petter Bjellås <petter.bjellasSPAMFILTER@hit.no> - 10.12.2014