Norsk 1 - Litteratur og retorikk NOR 502
Læringsutbytte
Norskfaget i grunnskolelærarutdanninga handlar om identitet, kultur, danning og tilhøvet vårt til samtid og fortid. Faget skal få studentane til å forstå seg sjølv i ein større, fleirkulturell samanheng. Å vere lærar for elevar på mellom- og ungdomstrinnet i alderen mellom 11 og 16 år krev at ein kan leggje til rette for at elevane vidareutviklar seg som lesarar, skrivarar og munnlege språkbrukarar, og at ein kan gi opplæring i dei grunnleggjande ferdigheitene.
Studenten skal etter arbeid med NOR 502 «Litteratur og retorikk» ha fylgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten skal kunne
- greie ut om og drøfte relevante teoriar om lesing og leseopplæring
- greie ut om lesestrategiar
- drøfte relevante teoriar innan munnleg opplæring
- greie ut om sentrale og relevante litteraturteoretiske og litteraturdidaktiske omgrep og perspektiv
- greie ut om ungdomslitteratur i ulike sjangrar og vise god forståing for korleis denne litteraturen har utvikla seg over tid
- greie ut om barnelitteratur og nyare litteratur som vender seg mot vaksne lesarar
- greie ut om og drøfte kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og samansette tekstar; fiksjonstekstar og sakprosatekstar i ulike sjangrar
- greie ut om kva som skjer når ein tekst vert overført frå eit medium til eit anna (adaptasjon) (Frå Norsk 2)
Dugleikar
Studenten skal kunne
- vurdere og bruke relevante undervisningsmetodar i leseopplæring frå 5. til 10. trinn, både for elevar med norsk som førstespråk og andrespråk
- nytte retoriske kunnskapar i arbeid med munnlege og skriftlege tekstar
- rettleie elevar i ulike former for munnleg og skriftleg argumentasjon (frå Norsk 2)
- leggje til rette for og stimulere elevar til variert munnleg bruk av språket
- kartleggje og vurdere lese- og skriveferdigheiter, setje i verk relevante tiltak for tilpassa opplæring og oppdage lese- og skrivevanskar
- analysere, tolke og vurdere tekstar og presentere litterære og litteraturteoretiske innsikter på varierte måtar
- samtale om litteratur og tilpasse form og innhald i samtalen med omsyn til kjønn, alder, kunnskapar og kulturell bakgrunn hos mottakarane
- stimulere den estetiske sansen til elevane
- vurdere ulike typar norskfaglege læremiddel ut frå ulike kriterium og med tanke på læringsutbyte til elevane
- ta i bruk ulike digitale verktøy i norskopplæringa, skape og vurdere digitale, samansette tekstar
- bruke varierte estetiske arbeidsmåtar for auka litteraturforståing og glede hos elevane
Generell kompetanse
Studenten skal kunne
- arbeide med språk og tekst i fleirkulturelle klassemiljø, utvikle språk- og kulturforståinga hjå elevane og rettleie elevane i arbeidet deira
- uttrykkje seg ved ein klar og trygg språkbruk, både munnleg og i begge skriftlege målformer
- nytte faglege kunnskapar til kritisk og konstruktiv refleksjon, og vurdere norskfaget og eigen praksis som norsklærar
- reflektere over norskfaget ut frå forsking og i høve til fagets historie, og sjå faget i eit større danningsperspektiv, samt bidra til utvikling av lokale læreplanar i faget
- planleggje, gjennomføre og vurdere norskundervisning på ulike trinn frå 5. til 10. klasse, og bruke ulike vurderingsmåtar i norskfaget
Innhold
Litteratur og retorikk er tittelen på andre modul av norskfaget ved GLU 5-10. Munnlegheit og retorikk er viktige emne. Studenten skal tileigne seg kunnskapar om litteratur for ulike aldersgrupper og frå ulike sjangrar og medium, og skaffe seg teoretisk og didaktisk innsikt knytt til desse teksttypane. Studenten skal òg øve opp evna til tekstanalyse og -tolking, lære å stimulere interesse for litteratur og kunne leggje til rette for litteraturarbeid og munnleg språkbruk i klasserommet.
Felles for fyrste og andre modul er vektlegginga av munnleg framstillingsevne og skriftlege ferdigheiter i båe målformer. Studenten skal òg kjenne dei utfordringane og moglegheitene det gir å arbeide i eit fleirkulturelt klassemiljø. Framfor alt skal studenten utvikle ei sjølvstendig og fagleg reflektert haldning til eit norskfag der elevens læring står i sentrum.
Arbeids- og læringsformer
Arbeidet i studiet kan bli organisert på mange måtar: fellesforelesingar, seminartimar, rettleiing i grupper, skrivegrupper, kortare kurs og bruk av Fronter og oppgåveskriving. Det blir opplyst i semesterplanen om det er obligatorisk oppmøte og deltaking. Undervegs i studiet vil du også få norskfaglege oppgåver knytt til praksis, og du skal delta i arbeid på tvers av fag. Det blir lagt stor vekt på skriveutvikling hjå studentane.
Vurderingsformer
Undervegsvurderinga består av obligatoriske arbeidskrav som blir fastsette i semesterplanen. Desse arbeidskrava må vere bestått for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Som sluttvurdering vil studenten bli prøvd i ein individuell, munnleg skoleeksamen som varer i omkring 30 minutt.
Det blir gitt éin karakter gradert frå A til F, der A er beste og E er dårlegaste ståkarakter.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Petter Bjellås <petter.bjellasSPAMFILTER@hit.no> - 10.12.2014