Norsk 2 - Språk og litteratur i eit historisk perspektiv NOR 503
Læringsutbytte
Norskfaget i grunnskolelærarutdanninga handlar om identitet, kultur, danning og tilhøvet vårt til samtid og fortid. Faget skal få studentane til å forstå seg sjølve i ein større, fleirkulturell samanheng. Å vere lærar for elevar på mellom- og ungdomstrinnet i alderen mellom 11 og 16 år krev at ein kan leggje til rette for at elevane vidareutviklar seg som lesarar, skrivarar og munnlege språkbrukarar, og at ein kan gi opplæring i dei grunnleggjande ferdigheitene.
Studenten skal etter arbeid med NOR 503 «Språk og litteratur i eit historisk perspektiv» ha fylgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten skal kunne
- greie ut om språklege endringsprosessar i fortid og samtid
- greie ut om norsk språkhistorie etter 1800 og gjeldande normering av bokmål og nynorsk
- greie ut om svensk, dansk og samisk, andre nordiske språk og nasjonale minoritetsspråk
- greie ut om talemålsvariasjonen i moderne norsk på historisk og dialektologisk grunnlag
- greie ut om språk som ungdom brukar
- greie ut om og drøfte kva for funksjonar lesing og skriving har hatt og har i kulturen vår og om kva som kjenneteiknar språkleg kommunikasjon i ulike medium
- greie ut om og drøfte ulike teoretiske perspektiv og retningar i arbeidet med å forstå litteratur
- greie ut om munnlege og skriftlege sjangrar i tradisjonelle og moderne medium og drøfte korleis elevar frå 5. til 10. trinn utviklar kunnskapar om desse og kan nytte dei i eige tekstarbeid
- vise god litteraturhistorisk oversikt og greie ut om sentrale verk i norsk fiksjonslitteratur og sakprosa og teoriar om samansette tekstar
Dugleikar
Studenten skal kunne
- bruke kunnskap om talemål og skriftspråksnormering i skriveopplæringa
- leggje til rette for og gjennomføre undervisning i den målforma som er sidemål for elevane
- samanlikne tekstar skrivne for ungdom og vaksne med omsyn på innhald, form og funksjon
- setje sentrale norske tekstar og eit utval samiske tekstar (i omsetjing) inn i ein historisk samanheng og sjå dei i lys av nordisk og annan internasjonal litteratur
- rettleie elevar i bruk av litteraturfagleg kjeldemateriale
- bruke læreplanen i faget til å formulere mål for norskopplæringa og relevante kriterium for vurdering
- leggje til rette for at elevar får lese eit breitt utval litteratur, også sakprega tekstar i tradisjonelle og moderne medium, slik at dei utviklar leselyst og gode lesestrategiar og blir stimulerte til vidare lesing
Generell kompetanse
Studenten skal kunne
- arbeide med språk og tekst i fleirkulturelle klassemiljø, utvikle språk- og kulturforståinga hjå elevane og rettleie elevane i arbeidet deira
- uttrykkje seg ved ein klar og trygg språkbruk, både munnleg og i begge skriftlege målformer
- nytte faglege kunnskapar til kritisk og konstruktiv refleksjon, og vurdere norskfaget og eigen praksis som norsklærar
- reflektere over norskfaget ut frå forsking og i høve til fagets historie, og sjå faget i eit større danningsperspektiv, samt bidra til utvikling av lokale læreplanar i faget
- planleggje, gjennomføre og vurdere norskundervisning på ulike trinn frå 5. til 10. klasse, og bruke ulike vurderingsmåtar i norskfaget
Innhold
Språk og litteratur i eit historisk perspektiv er tittelen på tredje modul av norskfaget ved GLU 5-10. Det historiske perspektivet er sentralt, både når det gjeld språklege og litterære emne. Dei språklege emna er knytte til både notid og fortid, t.d. språkhistorie, ungdomsspråk og sidemålsdidaktikk. Studenten skal også lese både eldre og nyare skjønnlitteratur, essay og sakprosa, av og til med eit komparativt blikk på nordisk og internasjonal litteratur, og med eit kritisk blikk på kanonspørsmålet.
Felles for tredje og fjerde modul er fokuset på språk og tekst i fortid og samtid. Studiet skal byggje på forsking. Det vil seie at undervisninga vil formidle forskingsbasert kunnskap samstundes som studenten skal lese vitskaplege tekstar og skrive oppgåver etter vitskapsteoretiske og metodiske prinsipp. Norskfaget er eit tekstfag, og derfor vil studenten også få ei innføring i grunnleggande tolkingsteori (hermeneutikk).
Arbeids- og læringsformer
Arbeidet i studiet kan bli organisert på mange måtar: fellesforelesingar, seminartimar, rettleiing i grupper, skrivegrupper, kortare kurs og bruk av Fronter og oppgåveskriving. Det blir opplyst i semesterplanen om det er obligatorisk oppmøte og deltaking. Undervegs i studiet vil du også få norskfaglege oppgåver knytt til praksis, og du skal delta i arbeid på tvers av fag. Det blir lagt stor vekt på skriveutvikling hjå studentane.
Vurderingsformer
Undervegsvurderinga består av obligatoriske arbeidskrav som blir fastsette i semesterplanen. Desse arbeidskrava må vere bestått for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Som sluttvurdering blir kandidaten prøvd i ein skriftleg, individuell skoleeksamen på 6 timar, der målforma er nynorsk. Ingen hjelpemiddel er tillatne under eksamen, heller ikkje ordliste.
Det blir gitt éin karakter gradert frå A til F, der A er beste og E er dårlegaste ståkarakter.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Petter Bjellås <petter.bjellasSPAMFILTER@hit.no> - 10.12.2014