Norsk 2 - Norskfagleg fordjuping NOR 504
Læringsutbytte
Norskfaget i grunnskolelærarutdanninga handlar om identitet, kultur, danning og tilhøvet vårt til samtid og fortid. Faget skal få studentane til å forstå seg sjølve i ein større, fleirkulturell samanheng. Å vere lærar for elevar på mellom- og ungdomstrinnet i alderen mellom 11 og 16 år krev at ein kan leggje til rette for at elevane vidareutviklar seg som lesarar, skrivarar og munnlege språkbrukarar, og at ein kan gi opplæring i dei grunnleggjande ferdigheitene.
Studenten skal etter arbeid med NOR 504 «Norskfagleg fordjuping» ha fylgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten skal kunne
- drøfte korleis gutar og jenter på ungdomssteget kan motiverast til lesing og vidareutvikle leseforståing og lesestrategiar, både elevar med norsk som førstespråk og norsk som andrespråk
- greie ut om og drøfte korleis elevar på ungdomssteget kan vidareutvikle skriveferdigheitene sine, både elevar med norsk som førstespråk og norsk som andrespråk
- vise utvida og vitskapleg basert innsikt i eit utval norskfaglege emne (sjå semesterplanen)
- vurdere forskingslitteratur kritisk og etter vitskaplege prinsipp
Dugleikar
Studenten skal kunne
- nytte forskingslitteratur i eigne tekstar
- presentere elevar for vitskaplege problemstillingar innan norskfaget
- setje i gang, rettleie og vurdere munnleg, skriftleg og samansett tekstproduksjon hos elevar på ungdomssteget og grunngi karakterane ein set
Generell kompetanse
Studenten skal kunne
- arbeide med språk og tekst i fleirkulturelle klassemiljø, utvikle språk- og kulturforståinga hjå elevane og rettleie elevane i arbeidet deira
- uttrykkje seg ved ein klar og trygg språkbruk, både munnleg og i begge skriftlege målformer
- nytte faglege kunnskapar til kritisk og konstruktiv refleksjon, og vurdere norskfaget og eigen praksis som norsklærar
- reflektere over norskfaget ut frå forsking og i høve til fagets historie, og sjå faget i eit større danningsperspektiv, samt bidra til utvikling av lokale læreplanar i faget
- planleggje, gjennomføre og vurdere norskundervisning på ulike trinn frå 5. til 10. klasse, og bruke ulike vurderingsmåtar i norskfaget
Innhold
Norskfagleg fordjuping er tittelen på fjerde modul av norskfaget ved GLU 5-10. I denne modulen vil det vere ei fordjuping av dei emna som har blitt behandla i dei tidlegare modulane. Studentane skal arbeide meir teoretisk med litteratur og med problematiseringar omkring bruk av eldre litteratur i skulen. Emne knytt til ungdom og lesing blir tatt opp, med vekt på drøfting av lesedidaktikk. Det å overføre litteratur til andre medium høyrer også med (adaptasjon). I modul 4 skal studentane også møte norskfagets historie, og dei skal få ei djupare innsikt i språkdidaktiske spørsmål.
I tillegg til dei felles emna i modulen skal studentane velje anten språkleg eller litterær fordjuping med eit sjølvvald fordjupingspensum.
På 504 bør også progresjonen til studenten koma tydelegare fram når det gjeld lesing. Ein må forvente større grad av innsikt hjå dei
Felles for tredje og fjerde modul er fokuset på språk og tekst i fortid og samtid. Studiet skal byggje på forsking. Det vil seie at undervisninga vil formidle forskingsbasert kunnskap samstundes som studenten skal lese vitskaplege tekstar og skrive oppgåver etter vitskapsteoretiske og metodiske prinsipp. Norskfaget er eit tekstfag, og derfor vil studenten også få ei innføring i grunnleggande tolkingsteori (hermeneutikk).
Arbeids- og læringsformer
I fjerde modul vil undervisningsforma vere seminarprega, studentane skal bidra med innlegg og vere opponentar til kvarandre, og alle skal delta i faglege drøftingar. Det vil også vere forelesingar, oppgåveløysing og oppgåveskriving. Det blir opplyst i semesterplanen om det er obligatorisk oppmøte og deltaking. Det blir lagt stor vekt på skriveutvikling hjå studentane.
Vurderingsformer
Undervegsvurderinga består av obligatoriske arbeidskrav som blir fastsette i semesterplanen. Desse arbeidskrava må vere bestått for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Sluttvurderinga er todelt: Kandidaten vil bli prøvd i både ein individuell skriftleg fagoppgåve og ein individuell munnleg skoleeksamen.
Fagoppgåva arbeider kandidaten med gjennom emnet. Studenten lagar sjølv problemstilling, og denne må bli godkjent av faglærar. Målforma er valfri, lengda er 4000 ord. Oppgåvesvaret blir vurdert med ein gradert karakter frå A til F, der A er beste og E er dårlegaste ståkarakter.
Den munnlege eksamenen varer i omkring 30 minutt, og kandidaten blir høyrd i pensum i emnet. Det blir gitt ein gradert karakter frå A til F, der A er beste og E er dårlegaste ståkarakter.
Kandidaten får éin samla karakter i denne modulen. Fagoppgåva tel 60 %, den munnlege eksamenen tel 40 %.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Petter Bjellås <petter.bjellasSPAMFILTER@hit.no> - 10.12.2014