Norsk 2 - Glu 1-7: Samansette tekstar og barne- og ungdomslitteratur i eit nordisk perspektiv NOR 104

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten har:

- kunnskap om retorikken som tolkingsverktøy og som teoretisk grunnlag for utvikling av munnleg kompetanse

- kunnskap om moderne nordisk barne- og ungdomslitteratur

- kunnskap om teoriar knytt til den andre lese- og skriveopplæringa

- kunnskap om skriftlege sjangrar, og korleis elevar frå første til sjuande trinn utviklar kunnskapar om desse

Dugleikar

Studenten kan:

- lese, analysere, tolke og vurdere samansette tekstar på eit teoretisk grunnlag

- analysere kva som skjer når ein tekst blir overført frå eit medium til eit anna

- kunne organisere og drive tilpassa lese- og skriveopplæring for første til sjuande trinn etter faglege grunngitte prinsipp

- kunne bruke og vurdere ulike prøver i lesing og skriving, og nytte resultatet av ulike lese- og skriveprøver til fagleg utvikling for eleven

- kunne vurdere eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane

Innhold

Norskfaget handlar om identitet, kultur, danning og tilhøvet vårt til samtid og fortid. Gjennom ulike teoretiske tilnærmingar til faget og eit breitt spekter av arbeidsmåtar, vil studenten få ei grundigare forståing for samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis.

I denne modulen vil du få djupare forskingsbasert innsikt i teoriar om lesing og skriving, særleg retta mot den andre lese- og skriveopplæringa. Det fleirkulturelle aspektet med norsk som andrespråk, inngår i emnet. Du vil og få innsikt i nordisk barne- og ungdomslitteraturforsking.

Som ein del av samtidas barnekulturelle tekstlandskap finn vi samansette tekstar i fleire sjangrar. Modulen vil rette fokus mot arbeid med adaptasjon frå barnelitteratur til film, samt analyse av andre samansette tekstar som eksempelvis nettsider for barn.

Film og barnelitteratur utmerkjer seg som ein av dei naturlege møtestadene for dei nordiske språka. Denne modulen vil innehalde ei komparativ tilnærming til ulike nordiske barnelitterære tekstar, både skriftlege og samansette.

Munnleg arbeid i klasserommet står sentralt i norskfaget. I denne modulen vil munnlege sjangrar som den filosofiske og den litterære samtalen bli lagt vekt på. Retorikken inneheld omgrep til å skape og vurdere munnlege tekstar, samtidig som den gjev oss verktøy til å analysere både læreboktekstar, skjønnlitterære tekstar og samansette tekstuttrykk.

Norskstudiet skal byggje på forskingsbasert kunnskap, samtidig som vi stiller krav til studenten om å skrive oppgåver etter vitskapsteoretiske og metodiske prinsipp.

Arbeids- og læringsformer

Arbeidet i studiet vil bli organisert på mange måtar: fellesførelesingar, seminartimar, rettleiing i grupper, skrivegrupper, bruk av Fronter og individuell rettleiing. For studenten blir det viktig å reflektere over eigen progresjon knytt til det fastsette læringsutbyttet for faget.

I norskfaget er det viktig å skrive og produsere tekst. Teori om skriftlege sjangrar står sentralt i studiet og skal knyttast til studenten si eiga skriving.

Semesterplanen som du får utdelt i byrjinga av kvart semester, er eit bindande dokument som presiserer innhald, kva som er obligatorisk og den praktiske gjennomføringa av semesteret.

I løpet av studieåret vil du også få norskfaglege oppgåver knytt til praksis.

Vurderingsformer

Du vil møte to former for vurdering i norskstudiet - undervegsvurdering og sluttvurdering.

Undervegsvurderinga i denne modulen består av ei skriftleg innlevering og eit munnleg framlegg. Den skriftlege teksten i denne modulen skal vere på bokmål. Desse oppgåvene må du passere for å kunne bli meldt opp til eksamen og få ei sluttvurdering. Oppgåvene blir vurdert til bestått/ ikkje bestått.

Sluttvurdering etter modul 104 er ei skriftleg heimeoppgåve (språkleg eller litterær fordjuping) - valfri målform, og ein individuell munnleg eksamen. Nærare presisering blir gitt ved studiestart. Denne eksamen blir vurdert med ein karakter på vitnemålet gradert frå A til F, der A er beste og E er lågaste ståkarakter.

Det kan bli mindre endringar i planen.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Unni Mette Solberg <unni.solbergSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 25.10.2015