Litteratur før 1900 (samlings- og nettbasert) 2117
Læringsutbytte
Etter studiet skal ein kunne
- gjere greie for innhald, form og tematikk i pensumtekstane og drøfte den litteraturhistoriske plasseringa av dei.
- gjere greie for sentrale norske og nordiske forfattarskapar før 1900 og drøfte litteraturhistorisk plassering.
- gjere greie for ulike litterære sjangrar og kunne bruke sjangerteoretiske omgrep.
Innhold
Norsk litteratur frå mellomalderen til ca. 1900.
Arbeids- og læringsformer
Annnakvart haustsemester. To helgesamlingar à to dagar, nettforelesingar og nettsamtaler i grupper. Det vil bli gitt oppgåver på Fronter som studentane skal levere inn. Dessutan blir det jamleg lagt ut undervisningsstoff. To timar til ei fast tid kvar veke vil lærarane vere til stades i eit samtalerom på Fronter.
Emnet går inn i bachelorgraden i språk og litteratur med fordjupning i norsk, og i årsstudiet i norsk. Emnet er obligatorisk for studentar som vil ha undervisningskompetanse i norsk i grunn- og vidaregåande skole.
Vurderingsformer
Vurderingsformene er individuelle heimeoppgåver og skriftleg individuell prøve (sluttprøve). Kvar student leverer 2 skriftlege oppgåver der den fyrste skal vurderast til bestått/ikkje bestått og den andre får karakter. Innleveringa med karakter tel 40%. 5 timars sluttprøve tel 60 %. Det krevst ståkarakter på både hemeoppgåvene og sluttprøva. Alt skal skrivast på nynorsk.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Sigrid Aksnes Stykket <sigrid.a.stykketSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Eline Flesjø - 23.03.2015