Grammatikk og pragmatikk (samlings- og nettbasert) 2119
Læringsutbytte
Etter å ha studert emnet skal studentane kunne
- gjere greie for viktige trekk ved moderne norsk grammatikk, spesielt morfologi og syntaks
- gjere greie for viktige tema innanfor pragmatikk og tekstlingvistikk
- bruke kunnskapane til å analysere språkleg materiale, t.d. i grammatisk og tekstleg analyse
- sjå norsk språkstruktur frå eit andrespråksperspektiv og analysere mellomspråkstekstar
- drøfte ulike synsmåtar og analysemåtar i tilknytning til temaa i emnet
- trekkje linjer mellom dei ulike temaa i emnet
- skrive bokmål og nynorsk korrekt og godt
Innhold
Studiet skal gje kunnskap om norsk språkstruktur, lydlære, formlære og setningslære, og språket brukt som kommunikasjonsmiddel (pragmatikk/ språkbruksanalyse). Ein vil presentere ulike teoretiske innfallsvinklar og metodar i arbeidet med grammatisk analyse. Studenten skal og kunne vurdere tekstar av andrespråksbrukarar og vere medveten om ulike trekk frå mellomspråk.
Arbeids- og læringsformer
Annakvart vårsemester. To helgesamlingar à to dagar, nettforelesingar og nettsamtaler i grupper. To timar til ei fast tid kvar veke vil lærarane vere til stades i eit samtalerom på fronter. Det vil bli gitt oppgåver som blir gjennomgått i gruppesamtalene. Dessutan blir det jamleg lagt ut undervisningsstoff på fronter. Emnet går inn i bachelorgraden i språk og litteratur med fordjupning i norsk, og i årsstudiet i norsk. Emnet er obligatorisk for studentar som vil ha undervisningskompetanse i norsk i grunn- og vidaregåande skole.
Vurderingsformer
2 timars individuell heimeoppgåve i elementær språkkunnskap, som skal vere stått før kandidaten kan ta sluttprøva.
Individuell heimeoppgåve på ca. 4000 ord i pragmatikk og tekstanalyse, som tel 40 %.
5 timars sluttprøve, som tel 60 %.
Det krevst ståkarakter på både heimeoppgåva og sluttprøva. Begge skal skrivast på nynorsk.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Evy Beate Tveter <evy.b.tveterSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Eline Flesjø - 20.03.2015