Språket i utvikling og variasjon (samlings- og nettbasert) 2120

Læringsutbytte

Etter studiet skal studenten kunne gjere greie for kva for språklege endringar som ligg til grunn for mangfaldet i det moderne norske talemålet. Han/ho skal ha oversikt over dei viktigaste diakrone utviklingstrekka frå urnordisk språk og fram til i dag, både dei indre endringane i språket og dei ytre faktorane. I tillegg skal studenten vere i stand til å heimfeste norske målføre ut frå dei ulike dialekttrekka. Studiet skal føre til kunnskap om sambandet mellom ulike former for språkleg variasjon og ulike samfunnstilhøve.

Innhold

Språkendringar frå urnordisk og fram til moderne norsk. Norrønt språk. Språkpolitikk og skriftmålssituasjonen i Noreg. Norske dialekter. Innføring i sosiolingvistikk.

Arbeids- og læringsformer

Annakvart haustsemester. To helgesamlingar à to dagar, nettforelesingar og nettsamtaler i grupper. Faglærar vil vere tilgjengeleg for samtale til faste tidspunkt, og det vert jamleg lagt ut undervisningsstoff på fronter. Emnet går inn i bachelorgraden i språk og litteratur med fordjupning i norsk, og i årsstudiet i norsk. Emnet er obligatorisk for studentar som vil ha undervisningskompetanse i norsk i grunn- og vidaregåande skole.

Vurderingsformer

Vurderingsformene er individuelle heimeoppgåver og skriftleg individuell prøve (sluttprøve). Kvar student leverer to heimeoppgåver som til saman tel 40 %. 5 timars sluttprøve tel 60 %. Det krevst ståkarakter på begge heimeoppgåvene og på sluttprøva. Alt skal skrivast på bokmål.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Evy Beate Tveter <evy.b.tveterSPAMFILTER@hit.no> - 12.11.2014