British Literature and Culture 1600–1980 2007N
Læringsutbytte
Studenten skal
- utvikle evna til å sjå kor viktig kultur- og litteraturhistoria har vore for det moderne Storbritannia og for dei landa som har teke del i den britiske tradisjonen
- styrke evna til å reflektere kritisk, i munnleg og skriftlig form, kring temaet for emnet
- ha grunnleggjande kjennskap til sentrale forfattarar og forfattarskap, saman med kulturelle og idéhistoriske utviklingsliner frå emneperioden, og slik vere i stand til å orientere seg i og vidareutvikle sin eigen kunnskap innan feltet
Innhold
Storbritannia utvikla frå renessansen og frametter ein rik og omfattande litterær tradisjon, som var viktig langt utover landet sine grenser, samtidig som landet gjekk gjennom store politiske og kulturelle omveltingar. Emnet si hovudstamme er eit utval av primærtekstar innan skjønnlitteratur og sakprosa frå denne perioden på nærmare 400 år. Tekstane vil bli sette inn i historisk samanheng gjennom litteratur- og kulturhistoriske periodeoversikter, men vil også bli diskuterte som frittståande verk. Hovuddelen av tekstane vil bli henta frå det 19. og det 20. hundreåret.
Arbeids- og læringsformer
Emnet blir undervist annakvart vårsemester. Det blir to samlingar à to dagar, nettforelesingar, nokre sesjonar med nettsamtaler om utvalde tekstar/emne, samt støttemateriale lagt ut på Fronter. Samlingane og nettforelesingane vil gje bakgrunn for dei emneområda som vert tekne opp og vil også verte nytta til å gjennomgå pensumlitteratur.
Vurderingsformer
Ved avsluttande skriftleg eller munnleg eksamen vert det gjeve karakter på ein skala frå A til F, der E er dårlegaste ståkarakter og F er stryk.
Ein føresetnad for godkjenning av emnet er innlevering av eitt skriftleg arbeid. Dette arbeidet får ikkje karakter og tel ikkje med i karakteren i emnet, men må vere godkjend og vert rekna som ein del av arbeidskrava i emnet.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Øystein Heggelund <oystein.heggelundSPAMFILTER@hit.no>,Peter Fjågesund <peter.fjagesundSPAMFILTER@hit.no> - 24.11.2014