American Literature and Culture 1600-1980 2008N
Læringsutbytte
Studentane skal
- ha grunnleggande kunnskap om sentrale amerikanske forfattarar og forfattarskap, og om den kulturelle og idéhistoriske utviklinga i perioden
- kunne diskutere form og innhald i tekstpensumet ved bruk av relevant terminologi
- kunne reflektere kritisk, i skriftleg og munnleg form, rundt temaet for emnet
- vere i stand til å orientere seg og vidareutvikle sin eigen kunnskap innan feltet
Innhold
Emnet vil følgje USA si utvikling fra koloni i utkanten av den vestlege verda til moderne supermakt ved å studere skjønnlitteratur fra eit breidt spekter av genrar, saman med sakprosa fra fleire historiske epokar. Tekstane vert altså lesne i deira politiske og/eller historiske kontekst, men vil óg verte diskutert som frittståande verk. Hovuddelen av tekstane vil bli henta frå det 19. og det 20. århundre.
Arbeids- og læringsformer
Emnet blir undervist annakvart vårsemester. Det blir to samlingar à tre dagar (saman med emnet The Sounds of English XXXXN), nettforelesingar, samt støttemateriale lagt ut på Fronter. Samlingane og nettforelesingane vil gje bakgrunn for dei emneområda som vert tekne opp og vil også verte nytta til å gjennomgå pensumlitteratur.
Vurderingsformer
Ved avsluttande skriftleg eller munnleg eksamen vert det gjeve karakter på ein skala frå A til F, der E er dårlegaste ståkarakter og F er stryk.
Ein føresetnad for godkjenning av emnet er innlevering av eitt skriftleg arbeid. Dette arbeidet får ikkje karakter og tel ikkje med i karakteren i emnet, men må vere godkjend og vert rekna som ein del av arbeidskrava i emnet.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Inger-Anne Søfting <inger-anne.softingSPAMFILTER@hit.no>,Øystein Heggelund <oystein.heggelundSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Øystein Heggelund - 24.11.2014