The Contemporary English-Speaking World 2009N
Læringsutbytte
Studenten skal
- ha ei grunnleggande forståing for og kunnskap om endringane og dynamikken i den engelskspråklege verda dei siste tretti åra
- ha grunnleggande faktakunnskapar om vesentlege hendingar og utviklingstrekk, særlig innanfor litteratur- og kulturfeltet, men og innanfor politikk og samfunn
- kunne diskutere og analysere litterære tekstar med kritisk blikk og med bruk av relevant terminologi
- vere i stand til å orientere seg og vidareutvikle sin eigen kunnskap innan feltet
Innhold
Emnet speglar utviklinga dei siste åra av engelskfaget frå å vere konsentrert om høvesvis Storbritannia og USA til å omfatte heile verda. Engelskspråkleg litteratur reflekterer no ei global, multikulturell verd som sprenger gamle litterære og kulturelle grenser. Emnet freistar å femne denne breidda gjennom eit omfattande spekter av tekstar: romanar, skodespel, dikt og sakprosa, med historia til den engelskspråklege verda dei siste tretti åra som bakteppe. Den samtidshistoriske ramma rundt emnet vil bli nytta som kontrast og samanlikningsgrunnlag for seinare emne med eit historisk perspektiv.
Arbeids- og læringsformer
Emnet blir undervist annakvart haustsemester. Det blir to samlingar à to dagar (saman med emnet Essay Writing 2011N), nettforelesingar, samt støttemateriale lagt ut på Fronter. Samlingane og nettforelesingane vil gje bakgrunn for dei emneområda som vert tekne opp og vil også verte nytta til å gjennomgå pensumlitteratur.
Vurderingsformer
Ein avsluttande skriftleg eller munnleg eksamen gis karakter på ein skala frå A til F, der E er dårlegaste ståkarakter og F er stryk.
Ein føresetnad for godkjenning av emnet er innlevering av eitt skriftleg arbeid. Dette arbeidet får ikkje karakter og tel ikkje med i den samla karakteren i emnet, men må vere godkjend og vert rekna som ein del av arbeidskrava i emnet
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Inger-Anne Søfting <inger-anne.softingSPAMFILTER@hit.no>,Øystein Heggelund <oystein.heggelundSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Øystein Heggelund - 24.11.2014