Practical English 2010N
Læringsutbytte
Ved avslutta emne skal studenten
- kunne bruke engelsk på ein korrekt og idiomatisk måte, både skriftleg og munnleg
- vere i stand til å reflektere over samanhengen mellom språklege uttrykksformer og språkleg innhald, inkludert korleis konkrete grammatiske konstruksjonar og ordval påverkar bodskapen ein sender ut
- kunne bruke grammatikk for å forklare feil og korrigere og forbetre tekster
- ha god flyt og uttale og uttrykke seg presist munnleg
Innhold
Kurset tek for seg ulike aspekt ved engelsk språkbruk. Den skriftlege komponenten vil fokusere på mellom anna stilnivå, vokabular, riktig setningsoppbygging og dei vanlegaste grammatiske feila. Den munnlege komponenten vil dekke problematiske aspekt av studentane si uttale, i tillegg til presentasjonsdugleikar.
Arbeids- og læringsformer
Emnet blir undervist annakvart haustsemester. Det blir to helgesamlingar à to dagar (saman med emnet English Grammar 2012N), korte nettforelesingar og oppgåvesamtaler på nettet. Det blir jamleg lagt ut anna undervisningsstoff på Fronter, i hovudsak i form av PowerPoint-presentasjonar, lydfilar og oppgåver med løysingsforslag.
Vurderingsformer
Ved avsluttande skriftleg eller munnleg eksamen vert det gjeve karakter på ein skala frå A til F, der E er dårlegaste ståkarakter og F er stryk.
Ein føresetnad for godkjenning av emnet er innlevering av eitt munnleg og eitt skriftleg arbeid. Desse arbeida får ikkje karakter og tel ikkje med i karakteren i emnet, men må vere godkjende og vert rekna som ein del av arbeidskrava i emnet.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Øystein Heggelund <oystein.heggelundSPAMFILTER@hit.no>,Islam Youssef <islam.youssefSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Islam Youssef - 23.12.2014