Essay Writing 2011N

Læringsutbytte

Studenten skal

  • kunne produsere idiomatiske og strukturerte tekstar
  • kunne reflektere over relevante verkemiddel
  • vere medviten om at det er naudsynt å bruke varierte framstillingsmåtar og stilnivå, avhengig av tema og målgruppe
  • kunne vise litteraturkritisk refleksjon og tilfredsstillande bruk av relevant terminologi

Innhold

Ein tilfredsstillande kompetanse i engelsk forutset evna til å produsere lengre og samanhengande tekstar om eit breidt spekter av tema. Emnet vil fokusere på praktisk trening i å skrive samanhengande tekstar om forskjellige tema, med særleg vekt på litterære essays.

Arbeids- og læringsformer

Emnet vert undervist annakvart haustsemester. Det blir to samlingar à to dagar (saman med emnet The Contemporary English-Speaking World 2009N), nettforelesingar, samt støttemateriale lagt ut på Fronter.

Vurderingsformer

Vurderinga i emnet er knytt til tre obligatoriske innleveringar. Den fyrste tel ikkje med i den endelege karakteren, men må vere bestått. Dersom denne ikke er bestått vert det gjeve ein sjanse til å levere på nytt. Den andre tel 40%, og den tredje 60%, utan høve til fornya innlevering. For dei to siste innleveringane vert det gjeve karakterar på ein skala frå A til F, der E er dårlegaste ståkarakter. Alle arbeida skal leverast på datoar som er fastsette ved byrjinga av semesteret, og ein må ha ståkarakter på alle innleveringane for å få ståkarakter i emnet.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Øystein Heggelund <oystein.heggelundSPAMFILTER@hit.no>,Peter Fjågesund <peter.fjagesundSPAMFILTER@hit.no> - 24.11.2014