English Grammar 2012N
Læringsutbytte
Ved avslutta emne skal studenten
- ha kjennskap til grunnleggjande terminologi innan engelsk grammatikk
- kunne nytte terminologien på faktiske språklege døme
- nytte den teoretiske kunnskapen slik at studenten sin eigen skriftlege engelsk vert korrekt og idiomatisk
- kunne analysere engelsk språk på ord-, frase- og setningsnivå
- ha kjennskap til tilhøvet mellom ordstilling og informasjonsstruktur
- kjenne til dei vanlegaste grammatiske feila hjå norske elevar
- kjenne til hovudskilnadane mellom engelsk og norsk grammatikk
Innhold
Emnet vil gje ei generell innføring i det grammatiske formverket og korleis språket er bygd opp.
Arbeids- og læringsformer
Emnet blir undervist annakvart haustsemester. Det blir to samlingar à to dagar (saman med emnet Practical English 2010N), nettforelesingar og oppgåvesamtalar på nettet. Det blir jamleg lagt ut anna undervisningsstoff på Fronter, i hovudsak i form av oppgåver med løysingsforslag.
Vurderingsformer
Ved avsluttande skriftleg eller munnleg eksamen vert det gjeve karakter på ein skala frå A til F, der E er dårlegaste ståkarakter og F er stryk.
Ein føresetnad for godkjenning av emnet er innlevering av to skriftlege arbeid. Desse arbeida får ikkje karakter og tel ikkje med i karakteren i emnet, men må vere godkjende og vert rekna som ein del av arbeidskrava i emnet.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Øystein Heggelund <oystein.heggelundSPAMFILTER@hit.no> - 13.11.2014