Introduction to English Sociolinguistics 2031
Læringsutbytte
Ved avslutta av emne skal studenten
- kjenne til dei ulike interaksjonane mellom samfunn og språkbruk
- ha kunnskap til grunnleggjande begrep i sosiolingvistikk som grunnlag for å studere variasjon og endring i det engelske språket
- kunne identifisere variablar på alle lingvistiske nivå, frå fonologi til pragmatikk
- ha kompetanse til å analysere og reflektere over pragmatiske-sosiolingvistiske problemstillingar knytt til bruk av engelsk i ulike samanhengar
Innhold
Dette emnet gir ei innføring i sosiolingvistikk, studiet av forholdet mellom samfunn og språk. Vi undersøker utanomspråklege variablar som påverkar språkbruk og språkval, som sosial gruppe, etnisitet, kjønn, alder, geografi og kommunikasjonssituasjon. Emnet behandlar også tema som språkpolitikk, språkkontakt, fleirspråklegheit og språkhaldningar. I tillegg til hovudfokus på ulike variantar av engelsk, skal emnet òg skue til andre språk.
Arbeids- og læringsformer
Førelesingar og seminar inntil 3 timar i veka. Det vert lagt opp til diskusjonar, oppgåveløysing og aktiv studentdeltaking.
Vurderingsformer
Undervegsvurderinga i emnet vil vere ei heimeoppgåve/-eksamen som tel 40% av den endelege karakteren. Avsluttande skriftleg eksamen tel 60%. Det krevst ståkarakter i både undervegs- og sluttprøver for å oppnå ståkarakter i emnet. Ved begge eksamenar vert det gjeve karakterar på ein skala frå A til F, der E er dårlegaste ståkarakter og F er stryk.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Islam Youssef <islam.youssefSPAMFILTER@hit.no> - 23.12.2014