HIS-1 Noreg etter 1800 3544
Læringsutbytte
Kunnskap og forståing:
• Godt oversyn over hovudtrekka i norgeshistoria etter ca. 1800.
• Brei kunnskap om viktige historiske hendingar i perioden, og bakgrunnen for dei.
• Inngåande kjennskap til eit avgrensa tema i norgeshistorie i tida etter 1800
• Kjennskap til kjeldegrunnlag og relevant forskingslitteratur for temaet.
• Forståing av metodar som vert nytta innanfor ulike felt av historiefaget.
• Forståing av korleis historisk kunnskap vert oppbygd.
Dugleik ein skal oppnå:
• Å kunne kritisere, kommentere eller redigere tekstar og dokument etter historiefagets allmenne reglar for kritikk.
• Å kunne tolke og analysere historiske data, kjelder og litteratur, og å kunne trekkje sjølvstendige konklusjonar frå slikt materiale.
• Å kunne argumentere og å tenke analytisk.
• Å kunne reflektere over metodiske og teoretiske spørsmål
• Å kunne organisere kompleks historisk informasjon på logisk konsekvent vis.
• Å meistra verktøy for informasjon og søking.
Kompetanse:
• Formidle fagleg innhald både munnleg og skriftleg.
• Kunne arbeide sjølvstendig med ein gjeven problemstilling.
• Kunne sette seg inn i nye problemområde og analysere emne frå fleire sider.
• Ha medvit om og respekt for perspektiv som har ulike nasjonale og kulturelle opphav.
• Ha kritisk medvit om relasjonane mellom fortida og samtidige hendingar og prosessar
Innhold
Innhald:
Emnet inneheld to hovuddelar, ein oversynsdel som utgjer ca. 2/3 av arbeidsmengda og ein spesialiseringsdel som utgjer ca. 1/3.
Tyngdepunkt i oversynsdelen av emnet er:
- Forspelet til 1814
- 1814
- Folkevekst og samfunnsendring
- Forfatningskonflikt og parlamentarisme
- Nasjonal integrasjon
- Unionsoppløysinga
- Noreg blir eit industriland
- Konfliktar og kriser i mellomkrigstida
- Noreg under andre verdskrigen
- Noreg under den sosialdemokratiske orden etter 1945
- Høgrebølgje og gjennomslag for liberalisme og marknadstenking
Spesialiseringsdelen av emnet kan veksle mellom ulike enkelttema, til dømes:
- Året 1814
- «Det moderne gjennombrotet» – kulturbrytningar i Noreg på slutten av 1800-talet
- Innvandring, innvandringspolitikk og holdningar til ’dei framande’ etter 1860
- Rettsoppgjeret etter 1945
- «Splittelsens tiår: Politisk og ideologisk konflikt i Norge på 1920-tallet
Emnet er ein del av årsstudiet i historie (sjå eigen plan for dette). Det er meininga at ein tek det saman med emnet 3542, på 15 studiepoeng. Dei fleste vil ta desse to emna i andre semester i årsstudiet, men det er også mogleg å byrje årsstudiet om våren med nyare historie og ta eldre historie om hausten (emna 3541 og 3543).
Emnet er basert på forsking i og med at dei som undervis normalt er aktive forskarar. Kjeldemateriale frå læraren si forsking kan verta nytta som eksempel i forelesinger eller i øvingsoppgåver.
Arbeids- og læringsformer
Undervisinga vert gjeven i form av forelesinger, lydfiler lagt ut på nettet, nettsamtalar, seminarform med oppgåveløysing, ekskursjonar, studentinnlegg og -oppgåver og individuell rettleiing. I forelesingene og lydfilene vert tyngdepunkta i emnet gjennomgått og forklart med sikte på, i kombinasjon med studentane si sjølvstendige lesing av pensum, å oppnå det læringsutbyttet som er nemnt ovanfor.
Attmed undervisinga vil studentane ha stor nytte av å samtale om pensum og studieproblem i kollokvie, og lærestaden vil leggje til rette for å organisere slike grupper.
Vurderingsformer
Vurderinga er grunna på ei eller fleire undervegsprøver og ein skriftleg sluttprøve på 6 timar. Undervegsprøvene må vere bestått for at studenten skal kunne gå opp til sluttprøva. Til saman prøver ein både dei kritisk-analytiske dugleikene, kunnskapsmåla og formidlingskomponentane i studiet, jf. punktet om læringsutbytte over.
Ein gjer karakter etter ein femtrinns bokstavskala frå A til E for bestått og F for ikkje bestått. For undervegsprøvane nyttar ein normalt karakterane bestått og ikkje bestått.
Dersom undervegsprøver inngår i den endelege karakterfastsettinga, kan faglærar/sensor alltid kalle inn den einskilde student til ei supplerande munnleg prøve.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Kristin Midtbø <Kristin.MidtboSPAMFILTER@hit.no>,Nils Ivar Agøy <nils.i.agoySPAMFILTER@hit.no> - 27.11.2015