Fagdidaktikk og didaktikk FDID 400

Læringsutbytte

Kunnskap

Kandidaten skal:

- greie grundig ut om trekk ved historia til faget, og drøfte og analysere særskilte område

- setje faghistoria inn eit nordisk og europeisk perspektiv

- kjenne godt til dei forskingsmetodane ein bruker for å kunne utforske faghistoriske endringar

- bruke faghistorisk kunnskap og fagdidaktisk teori og røynsle for å byggje si eiga fagdidaktiske plattform

- forklare og drøfte vitskaplege teoriar og metodar innafor didaktikk og fagdidaktikk

- bruke kunnskap om didaktikk og fagdidaktikk på nye område innafor fagdidaktikken

- formulere faglege problemstillingar med utgangspunkt i eigenarten til den fagspesifikke didaktikken

Dugleikar

Kandidaten skal:

- identifisere, analysere og vurdere relevante faghistoriske og fagdidaktiske kjelder

- analysere og bruke teoriar og metodar innafor faghistorie og fagdidaktikk slik at ein kan arbeide sjølvstendig med praktiske og teoretiske problem

- bruke relevante metodar innafor emnet som grunnlag for sjølvstendig FoU-arbeid og gjennomføre eit sjølvstendig og avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing og i samsvar med forskingsetiske normer

Generell kompetanse

Kandidaten skal:

- analysere fag-, forskings- og yrkesetiske problemstillingar knytte til emnet

- bruke kunnskapen om emnet på andre prosjekt og arbeidsoppgåver

- kunne formidle kunnskapen om emnet til kollegaer, men også til ålmenta

- gje sitt bidrag til nytenking omkring disiplinen

Innhold

Fellesemnet fagdidaktikk set fagdidaktisk tenking og praksis i samanheng med ulike fagtradisjonar. Eit mål for kurset er at studenten skal ha grundig kjennskap til tradisjonar og historiske perspektiv som er med på å forme eit fag, slik at ein sjølv som lærar kan plassere seg på ein sjølvstendig måte i høve til faghistoriske og fagdidaktiske endringar og erfaringar. Det er eit mål at studenten ser sambandet mellom allmenn didaktisk tenking og fagspesifikk didaktisk tenking. Eit anna viktig mål er å definere, teoretisere over og drøfte fagdidaktikken slik at studenten kan analysere samanhengar mellom teoretisk tenking og praktiske undervisningshandlingar.

Emnet fagdidaktikk består av to delar, ein allmenn didaktisk del og ein fagspesifikk didaktikk. I den allmenne didaktikken blir ulike didaktiske tenkemåtar drøfta, blant anna med utgangspunkt i retningar i anglo-amerikansk og tysk didaktikk. Den fagspesifikke didaktikken vil bli drøfta i høve til den allmenne didaktikken, og i høve til abstrakte storleikar som til dømes danning.

Det fagdidaktiske stoffet samlar seg om tre tematiske område – Pedagogiske tekstar/ læremiddel/ plantekstar, Historie – medvit, danning, tekst og Det fleirkulturelle samfunnet. Desse tema vil bli belyst gjennom bidrag frå faga norsk, samfunnsfag og engelsk.

Fagdidaktikk handlar også om korleis faget har utvikla seg som skulefag og vitskapsfag, og korleis tilhøvet har vore, og er, mellom desse to retningane. Sentralt står ein analyse av dei idéhistoriske og politiske prosessane som skaper faghistoriske endringar, ein analyse av sjølve endringane og dei fagdidaktiske konksekvensane endringane får.

Eit viktig perspektiv er å setje faghistorisk kunnskap inn i ein fagdidaktisk debatt og kontekst. Til dette høyrer også det nordiske og europeiske perspektivet.

Arbeids- og læringsformer

Arbeidet i studiet vil bli organisert som førelesingar, seminararbeid og rettleiing, anten individuelt eller i grupper. Studiet krev ein høg grad av aktiv deltaking frå den einskilde studenten. I løpet av kurset vil studenten få oppgåver som å innleie til seminardiskusjon og å vera opponent. Studenten skal også skrive ei fordjupingsoppgåve i emnet, med ei sjølvvalt problemstilling, og vel ei fordjupingsoppgåve frå eitt av dei tre tematiske områda.

Vurderingsformer

Det vil bli formulert to arbeidskrav i semesterplanen, som blir vurdert til bestått/ikkje bestått, og som er eit vilkår for sluttvurdering i emnet.

Sluttvurderinga består av ei fordjupingsoppgåve med gradert karakter, og ein munnleg eksamen med gradert karakter. Studenten får ein samla karakter der fordjupingsoppgåva tel 40 % og munnlig eksamen 60 %.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter , sist oppdatert av Jorunn Halvorsen - 20.01.2015