Forfattarskapstudium FORFS 400

Læringsutbytte

Kunnskap

Kandidaten:

- har grundig kunnskap om forfattarskapen og kan setje denne inn i ein litteraturhistorisk samanheng på ein innsiktsfull måte

- har grundig kjennskap til litteraturteoretiske tilnærmingsmåtar til emnet

- kan drøfte faglege problemstillingar knytte til forfattarskapen

Dugleikar

Kandidaten:

- kan bruke litterære teoriar og vitskaplege metodar innafor fagområdet på ein sjølvstendig måte

- kan analysere og forhalde seg kritisk til ulike informasjonskjelder (forfattarens eigne tekstar, vitskaplege tekstar om emnet, bokmeldingar i aviser og tidsskrift osv.) og bruke desse til å strukturere og formulere faglege resonnement

- kan gjennomføre eit sjølvstendig forskings- eller utviklingsprosjekt som gjeld emnet, under rettleiing og i tråd med dei forskingsetiske normene som gjeld

Generell kompetanse

Kandidaten:

- kan analysere problemstillingar knytte til faglege-, yrkes- og forskingsetiske problemstillingar

- kan bruke kunnskapen og dugleiken på andre område for å gjennomføre arbeidsoppgåver og prosjekt

- kan formidle fagstoffet (problemstillingar, analysar og konklusjonar) til kollegaer, men også til ålmenta

Innhold

Døme 1 – Tarjei Vesaas
Innhald
Forfattarskapen til Tarjei Vesaas er ein av dei mest nyskapande i norsk litteratur på 1900-talet, og dei litteraturvitskaplege arbeida om diktinga hans er mange. Mange av tekstane kan karakteriserast som opne, med eit stort tolkingspotensial. Dette gjer at tekstane er fagdidaktisk interessante. Mykje på grunn av dette kan ein også slå fast at det har danna seg ulike tolkingstradisjonar, og innhaldet i emnet gjenspeglar på ulikt vis desse tradisjonane.

Den tidlege Vesaas-forskinga interesserte seg mest for dei symbolske og allegoriske aspekta ved diktinga og korleis dette blir kombinert med ein psykologisk-realistisk forteljemåte. Andre forskarar har lese Vesaas inn i ein modernistisk tradisjon der ein undersøkjer korleis krigsangsten og øydeleggjande menneskelege grunnvilkår skaper ei eksperimenterande og samtidsengasjert dikting. Ein tredje innfallsvinkel er å leggje vekt på dei særeigne språklege kvalitetane ved diktinga, der ein har interessert seg særskilt for det sanselege språket.

Dessutan har den tidlege diktinga blitt lese inn i ein vitalitisk og primitivistisk tradisjon. I det siste har det også kome nylesingar som mellom anna legg vekt på mytiske dimensjonar og kroppsleggjeringa av det fiktive uttrykket.

Utvalet av artiklar og andre framstillingar fangar opp denne tolkingsbreidda. Det er også gjort ein freistnad på å ta vare på det nordiske og i nokon grad det europeiske perspektivet i forskinga. Dessutan er det lagt vekt på sjangerbreidda i forfattarskapen.

Døme 2 – Kjartan Fløgstad
Innhald
Frå han debuterte på 1960-talet har Kjartan Fløgstad etablert seg som ein av dei viktigaste forfattarane innanfor det norske språkområdet. Særleg har romanane fått mange lovord, men elles har han nytta ei rekkje ulike sjangrar, innanfor både skjønnlitteratur og sakprosa. Med ein assosiasjonsrik og leiken stil har han funne ein eigen plass innanfor den moderne norske realismen. Lærde referansar og folkelege uttrykk går hand i hand. Slik konfronterer han det høge og det låge både i sosial og kulturell forstand. Mellom anna har han vore oppteken av å vise korleis språket heng saman med arbeidsliv, klasseskilnader og sosialiseringsprosessar. Han har skildra industriarbeidarklassa med realisme og humor, innforstått og respektfullt.

Fløgstads tekstar byr på fleire problemstillingar som har høg fagdidaktisk relevans. Han er oppteken av måten litteraturen blir formidla på i det moderne Norge, han står for eit markant språkleg medvit i alt han skriv og fleire av arbeida hans vitnar om hans språkpolitiske engasjement til fordel for nynorsken. For å samanfatte kan ein seia at forfattarskapen til Fløgstad er eit vesentlig bidrag til å forstå det moderne Norge og plassen til landet vårt i verda. I den samanhengen kan ein nemne dei mange omsetjingane hans, særleg frå spansk, og fleire reiseskildringar frå nære og fjerne strøk. Han har eit høgt refleksjonsnivå i forhold til sin eigen forfattarskap, og både dei teoretiske og dei litterære tekstane vitnar om ei brei orientering innanfor teori, litteratur, politikk og historie. I det heile tatt er det mange gode grunnar til å fordjupe seg i forfattarskapen til Kjartan Fløgstad.

Arbeids- og læringsformer

Arbeidet i emnet blir organsiert som førelesingar, seminar og rettleiing. Studiet krev høg aktivitetet frå studenten, mellom anna i form av eigne presentasjonar eller respons på andres arbeid.

Studenten skal i løpet av emnet skrive ei fordjupingsoppgåve der ein vel ei problemstilling i samråd med faglæraren. Arbeidet med oppgåva blir tematisert på ulike måtar i undervisninga.

Vurderingsformer

Det er formulert to arbeidskrav i semesterplanen, som blir vurdert til bestått/ ikkje bestått. Begge må vurderast til bestått for at ein skal kunna få sluttvurdering i emnet.

Sluttvurderinga består av ei innlevert fordjupingsoppgåve på ca. 4000 ord med gradert karakter, og ein munnleg eksamen med gradert karakter. Kandidaten får ein samla karakter der fordjupingsoppgåva tel 60 % og munnleg eksamen 40 %.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter , sist oppdatert av Carl-Magnus Nystad - 05.10.2015