Norsk 2: 1-7, nett, modul 1. Litteratur og språklege emne i nordisk perspektiv. NORVU103

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten har:

- kunnskap om språklege endringsprosessar i fortid og samtid

- kunnskap om sentrale kjenneteikn ved norske dialektar

- kunnskap om sentrale trekk ved faghistoria som handlar om lese- og skriveopplæring

- kunnskap om sentrale periodar i norsk litteraturhistorie, og kjennskap til viktige barnelitterære verker

- innsikt i tolkingsteori (hermeneutikk)

Dugleikar

Studenten kan:

- leggje til rette for litteraturundervising på ulike trinn basert på fagleg innsikt

- analysere tekstar skrivne for barn og ungdom med omsyn til innhald, form og funksjon

- ha eit medvite forhold til korleis samtalen mellom lærar og elevar og samtalen elevane imellom, kan fungere som reiskap for læring

- kunne vurdere eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane

Innhold

I denne modulen vil studenten kunne tilegne seg utvida kunnskap om språklege og litterære emne.

Det historiske perspektivet på norskfaget og det norske språket blir særleg framheva. Du vil få innsikt i korleis det norske språket har endra seg gjennom tidene, og om slektskapet til dei andre nordiske språka.

Som norsklærar på barnetrinnet er det viktig å få innsikt i den delen av faghistoria som er knytt til norsk som skolefag, med særleg vekt på lese- og skriveopplæringa frå Nordahl Rolfsen si tid (slutten av 1800-talet) og fram til i dag. Spørsmålet om kva for funksjonar lesing og skriving har hatt, og framleis har i kulturen vår, vert sentralt.

I denne modulen vil du og få sjangerteoretisk og litteraturhistorisk innsikt, og meir øving i arbeidet med litterær analyse, litteraturdidaktikk og tolkingsteori (hermeneutikk). Hovudvekta vil vere på barne- og ungdomslitteraturen, men også noe vaksenlitteratur.

Norskstudiet skal byggje på forskingsbasert kunnskap, samtidig som det er krav til studenten om å skrive oppgåver etter vitskapsteoretiske og metodiske prinsipp.

Arbeids- og læringsformer

Arbeidet i studiet vil bli organisert som førelesingar, seminar, rettleiing i grupper, individuelt skrivearbeid og individuell rettleiing. I norskfaget er det viktig å skrive og produsere tekst. Teori om skriftlege sjangrar står sentralt i studiet og skal knyttast til studenten si eiga skriving. For studenten blir det viktig å reflektere over eigen progresjon knytt til det fastsette læringsutbyttet for faget.

Semesterplanen som du får utdelt i byrjinga av kvart semester, er eit bindande dokument som presiserer innhald, kva som er obligatorisk og den praktiske gjennomføringa av semesteret.

I løpet av studieåret vil du få norskfaglege oppgåver knytt til den praktiske undervisninga i skulen..

Vurderingsformer

Du vil møte to former for vurdering i denne modulen - undervegsvurdering og sluttvurdering.

Undervegsvurderinga i modul 1 består av to skriftlege arbeid som du vil få tilbakemelding på. Desse må du passere for å kunne bli meldt opp til eksamen og få ei sluttvurdering. Tekstane blir vurdert til bestått/ikkje bestått. Begge tekstane i denne modulen skal vere på nynorsk.

Sluttvurderinga etter modul 103 vil vere ein individuell skriftleg eksamen, valfri målform. Nærare presisering blir gitt ved studiestart. Denne eksamen blir vurdert med ein karakter på vitnemålet gradert frå A til F, der A er beste og E er lågaste ståkarakter.

Det kan bli mindre endringar i planen.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Kirsten Linnea Kruse <Kirsten.L.kruseSPAMFILTER@hit.no>,Unni Mette Solberg <unni.solbergSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Unni Mette Solberg - 24.01.2015